Forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

Innhold og søk

Forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

§ 13-5 Kartlegging

På oppdrag frå departementet utarbeider Utdanningsdirektoratet kartleggingar som skal gi kunnskap om kven som treng ekstra oppfølging i enkelte fag og ferdigheiter. Det er obligatorisk for elevane å delta i slike kartleggingar.

Skolen skal sørgje for at kartleggingar etter første ledd blir gjennomførte.

På oppdrag frå departementet skal Utdanningsdirektoratet i tillegg utarbeide frivillige kartleggingsprøver og anna kartleggingsverktøy.

Utdanningsdirektoratet kan på visse vilkår behandle personopplysningar om deltaking i kartleggingane og personopplysningar knytte til resultata av kartleggingane. Vilkåra er at opplysningane blir brukte til

  1. vidareutvikling av kartleggingsverktøy
  2. drift av eit digitalt system for gjennomføring av kartleggingane
  3. forsking, analyse og statistikk, jf. privatskolelova § 7-2d.

Utdanningsdirektoratet kan levere ut prøveresultata for kvar enkelt elev til skolen eleven går på.

Endra ved forskrift 13 april 2026 nr. 591.

Merknader til forskriften

Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 7-2 c og viderefører § 2-5 i den tidligere forskriften. Paragrafen tilsvarer opplæringsforskriften § 19-6. Se merknaden til den paragrafen.