Forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

Innhold og søk

Forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

§ 6-22 Fritak frå vurdering med karakter i framandspråk i vidaregåande opplæring

Ein elev eller tidlegare elev på studieførebuande utdanningsprogram har rett til fritak frå vurdering med karakter i faget framandspråk dersom eleven oppfyller desse vilkåra:

  1. Eleven har dysleksi eller spesifikke språkvanskar, eller dokumenterte vanskar som ligg nær opp til dysleksi eller spesifikke språkvanskar når det gjeld konsekvensar for eleven i faget.
  2. Vanskane er av ein slik grad at individuell tilrettelegging ikkje er eller var tilstrekkeleg for å sikre likeverdige opplæringsmoglegheiter.

Dersom eleven har valt å avbryte opplæringa i framandspråk, må eleven i tillegg sannsynleggjere at han eller ho ikkje var i stand til å følgje faget.

Statsforvaltaren avgjer søknader om fritak.

Dersom eksamenskarakteren blir stroken etter § 6-18 tredje ledd, skal statsforvaltaren innvilge dispensasjon frå kravet om talet på eksamenar i § 6-30 og § 6-31. Utdanningsdirektoratet er klageinstans ved vedtak etter denne paragrafen.

Merknader til forskriften

Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 2-3 a. Paragrafen er ny og viderefører og forskriftsfester instruks for behandling av søknader om dispensasjon fra vurdering med karakter i fremmedspråk av 28.05.2020.