Forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

Innhold og søk

Forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

§ 16A-1 Lovbrotsgebyr

Departementet kan ileggje skolar godkjende etter privatskolelova lovbrotsgebyr dersom skolen eller nokon som opptrer på vegner av skolen, forsettleg eller aktlaust bryt føresegner i:

  • §§ 1-1 til 1-3 om innhaldet i grunnskoleopplæringa
  • § 3-2 og §§ 3-10 til 3-13 om inntak til vidaregåande opplæring
  • § 4-1 og § 4-4 om innhaldet i den vidaregående opplæringa
  • § 6-9, § 6-11, § 6-16, § 6-17, § 6-27 og §§ 6-41 til 6-51 om individuell vurdering
  • §§ 9-1 og 9-2 om tilleggskompetanse
  • §§ 10-1 til 10-4 om politiattest og yrkesforbod
  • § 11-1 om krav til dokumentasjon av den nedsette funksjonsevna og lærevanskane til eleven
  • § 14-2 om styrt tilgang til personopplysningar.

Ved vurderinga av ilegging og utmåling av lovbrotsgebyr kan det også leggjast vekt på om det er oppdaga forhold i strid med andre lover og forskrifter, dersom forholdet svekkjer tilliten til skolen.

Lovbrotsgebyret skal ikkje vere høgare enn tre gonger grunnbeløpet i folketrygda (3 G).

Tilføyd ved forskrift 18 mai 2026 nr. 830.