Privatskoleforskrifta
§ 6-16 Standpunktkarakterar i fag
Standpunktkarakterar skal vere eit uttrykk for den samla kompetansen elevane har ved avslutninga av opplæringa. Standpunktkarakterar skal setjast i samsvar med § 6-2.
Skolen har ansvar for at elevane er kjende med kva det blir lagt vekt på i fastsetjinga av standpunktkarakterane. Elevane skal ha fått høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Kompetansen som elevane har vist i den tida dei har fått opplæring, skal takast med i vurderinga når standpunktkarakterane skal fastsetjast.
Standpunktkarakterar skal fastsetjast så seint som mogleg.
I fag der eleven er oppe til eksamen, skal standpunktkarakteren fastsetjast seinast dagen før sensur av eksamen. Dette gjeld ikkje der ein elev får meir opplæring etter § 4-2 og samtidig er meld opp til utsett, ny eller særskild eksamen, jf. § 6-35–§ 6-37. Standpunktkarakterane skal då fastsetjast etter endeleg sensur av utsett, ny eller særskild eksamen.
Faglærarane set standpunktkarakter. Dersom skolen er i tvil om at reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde i eit fag, kan skolen krevje at faglæraren gjer ei ny fagleg vurdering før karakteren blir fastsett og ført.
Dersom ein elev ikkje kan få standpunktkarakter i eit fag og eleven har fått varsel etter § 6-7, skal skolen gjere enkeltvedtak om at det ikkje blir gitt standpunktkarakter i faget.
Endra ved forskrift 7 sep 2025 nr. 1787 (i kraft 1 jan 2026).
Merknader til forskriften
Paragrafen er gitt med hjemmel i privatskoleloven § 2-3 a og viderefører § 3-15 i den tidligere forskriften. Paragrafen tilsvarer § 9-16 i opplæringsforskriften. Se merknaden til den paragrafen.