Kroppsøving (KRO01‑05)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vg1
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- trenepå og skape nye variantar av leik, bevegelsesaktivitet og dans saman med andre
Eleven yter innsats over ei viss tid og etter ein plan for å forbetre eller oppretthalde fysisk form eller spesifikke ferdigheiter.
- planleggjeog
Å planleggje er å lage ei framdrift for å nå eit mål. Planen beskriv korleis vi har tenkt å gå fram for å oppnå målet, og kan vise samanhengen mellom aktivitetar, gjennomføring og mål.
gjennomføremetodar for øving og trening for å oppnå individuelle mål, òg når ein ikkje fullt ut kan delta i aktivitetenÅ gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
- brukeeigne ferdigheiter og kunnskapar til å
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
samarbeideog bidra til å gjere andre gode i aktivitet og samspelÅ samarbeide inneber å jobbe saman med andre for å oppnå ei felles forståing eller eit felles mål.
- førebyggje skadar ved bevegelsesaktivitetar og utføre grunnleggjande førstehjelp
- brukekart og digitale verktøy på ein måte som sikrar trygg ferdsel for seg sjølv og for andre
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- brukelokale tradisjonar for ferdsel i naturen under vekslande årstider
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i kroppsøving på vg1 ved å øve og trene for å oppnå individuelle mål og utvikle bevegelsesaktivitetar, og ved å utforske leik og spel saman med andre. Vidare viser elevane kompetanse når dei bruker eigne ferdigheiter og kunnskapar til å samarbeide og gjere andre gode i aktivitet og samspel. Elevane viser òg kompetanse ved å bruke lokale tradisjonar for ferdsel i naturen.
I kroppsøving er samspel med andre, øving og deltaking i ulike bevegelsesaktivitetar og naturferdsel vesentlege trekk ved kompetansen i faget. Innsatsen til elevane er ein del av kompetansen i kroppsøving. Innsats i kroppsøving inneber at eleven prøver å løyse faglege utfordringar etter beste evne utan å gi opp, viser sjølvstende, utfordrar sin eigen fysiske kapasitet og samarbeider med andre.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte bevegelsesaktivitetar som elevane gjer åleine og saman med andre og gjennom at dei får vurdere eige arbeid i kroppsøving. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i kroppsøving. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i bevegelsesaktivitet, leik og spel saman med andre, førstehjelp, uteaktivitet og friluftsliv.