Vg1 teknologi- og industrifag (TIP01‑03)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter konstruksjons- og styringsteknikk
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- og anvende helse-, miljø- og sikkerheitsregelverk og krav som gjeld elektriske, hydrauliske og pneumatiske anlegg
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- og
Å utvikle kan vere å designe, skape, modellere eller utforme nye metodar, eit produkt eller ei teneste.
skjema med grunnleggjande komponentar som blir brukte i elektriske, hydrauliske og pneumatiske anleggÅ beskrive er å skildre eller gi att ei oppleving, ein situasjon, ein arbeidsprosess eller eit fagleg emne. Å beskrive noko kan òg vere å bruke relevante fagomgrep for å systematisere kunnskap om emnet.
- utføre oggrunnleggjande berekningar av relevante storleikar innanfor elektriske, hydrauliske og pneumatiske anlegg
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- relevante simuleringsprogram for dokumentasjon, design og testing av styringssystem innanfor elektro, hydraulikk, pneumatikk og kjemiske prosessar
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- kople opp, teste og feilsøkje på automatiserte og manuelle styringssystem baserte på elektroniske, hydrauliske og pneumatiske anlegg og maskiner og utføre målingar som er relevante for fagområda
- og forklare samanhengen mellom utførte målingar og berekna storleikar innanfor elektro, hydraulikk og pneumatikk
Å tolke er å byggje opp ei oppfatning eller forståing av meiningsinnhaldet i eit fenomen, ein praktisk situasjon eller eit kunstnarisk uttrykk. Forståinga byggjer ofte på ein analyse av enkeltelement og samanhengen mellom dei.
- program for 2D- og 3D-dataassisstert konstruksjon (DAK) og dataassistert produksjon (DAP) til grunnleggjande teikning og dokumentasjon
Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- anvende grunnleggjande programmering av styringssystem innanfor robotisering, automatisering og CNC
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i konstruksjons- og styringsteknikk når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmerknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire eller alle programfaga. Læraren og elevane skal vere i dialog om elevane si utvikling i konstruksjons- og styringsteknikk. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i konstruksjons- og styringsteknikk ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i produksjon og tenester basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.