Naturfag (NAT01‑05)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for vg3 og påbygging før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter vg3 påbygging til generell studiekompetanse

  • drøfte korleis utvikling av naturvitskaplege hypotesar, modellar og teoriar bidreg til at vi kan forstå og forklare verda
  • vurdere og lage program som modellerer naturfaglege fenomen
  • beskrive big bang-teorien om korleis universet har oppstått og utvikla seg, og gjere greie for observasjonar som støttar denne teorien
  • utforske og beskrive elektromagnetisk og ioniserande stråling, og vurdere informasjon om stråling og helseeffektar av ulike strålingstypar
  • utforske og beskrive nokre sentrale bølgjefenomen
  • forklare hovudprinsippa for trådlaus kommunikasjon og gi døme på kva slik teknologi blir brukt til
  • beskrive DNA og korleis eigenskapar blir arva, og gjere greie for korleis arv er ein føresetnad for evolusjon
  • gjere greie for korleis klimaendringar påverkar evolusjon, utbreiing av artar og biologisk mangfald
  • gi døme på bruk av bioteknologi og drøfte etiske spørsmål knytte til bioteknologi
  • gjere greie for korleis nokre miljøgifter kan akkumulerast i næringskjeder, og vurdere tiltak for å ta vare på helse og miljø

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering