Naturfag (NAT01‑05)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for vg1 før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter vg1 naturbruk

  • utforske ei sjølvvald problemstilling knytt til eige utdanningsprogram, presentere funn og argumentere for val av metodar
  • risikovurdere eigne forsøk og handtere avfallet frå desse på ein forsvarleg måte
  • utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv
  • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere kor påliteleg informasjon frå ulike kjelder er
  • gjere greie for funksjonane til nokre næringsstoff og diskutere kvifor eit variert kosthald er viktig i eit helse- og berekraftsperspektiv
  • undersøkje problemstillingar knytte til arealbruk, gjere greie for korleis endringar kan påverke økosystem, og foreslå berekraftige løysingar
  • gjere greie for kvifor nokre grunnstoff er viktige for liv, og vurdere korleis menneskeleg aktivitet kan påverke kretsløpa til desse stoffa

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering