Naturfag (NAT01‑05)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for 4. trinn og 5. trinn før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 4. trinn

  • undre seg, stille spørsmål og lage hypotesar og utforske desse for å finne svar
  • bruke tabellar og figurar til å organisere data, lage forklaringar baserte på data og presentere funn
  • samanlikne modellar med observasjonar og samtale om kvifor vi bruker modellar i naturfag
  • utforske teknologiske system som er sette saman av ulike delar, og beskrive korleis delane fungerer og verkar saman
  • designe og lage eit produkt basert på ein kravspesifikasjon
  • utforske og beskrive korleis nokre stoff kan endre seg når dei blir blanda med andre stoff
  • utforske storleikar som lar seg observere, som fart og temperatur, og knyte dei til energi
  • samtale om kva energi er, og utforske ulike energikjeder
  • utforske eit naturområde og drøfte berekraftig bruk av området
  • utforske og samanlikne korleis ulike dyre- og planteartar har tilpassa seg miljø og levestader, og drøfte kvifor nokre artar døyr ut
  • delta i hausting og bruk av naturressursar og drøfte korleis naturressursar kan bli brukte på ein berekraftig måte
  • gi døme på god dyrevelferd og reflektere over korleis ein kan vareta behova til dyr
  • utforske og beskrive kretsløpet til vatnet og gjere greie for kvifor vatn er viktig for livet på jorda
  • samtale om kva fysisk og psykisk helse er og drøfte korleis livsstil og trivnad påverkar helse
  • samtale om likskapar og ulikskapar mellom kjønna, om kjønnsidentitet og om korleis mennesket reproduserer seg
  • beskrive korleis musklar og skjelett fungerer, og knyte dette til bevegelse
  • beskrive funksjonar i det ytre forsvaret til kroppen og samtale om korleis dette vernar mot sjukdom

Undervegsvurdering