Naturfag (NAT01‑05)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for 1. trinn og 2. trinn før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 2. trinn

  • undre seg, utforske og lage spørsmål, og knyte dette til eigne eller andre sine erfaringar
  • presentere funna sine og beskrive korleis eleven har kome fram til dei
  • presentere eigne idear til teknologiske oppfinningar
  • utforske og beskrive observerbare eigenskapar til ulike objekt, materiale og stoff og sortere etter eigenskapar
  • samtale om korleis vi kan ta miljømedvitne val og gjennomføre lokale miljøtiltak
  • utforske eit naturområde i nærmiljøet og beskrive korleis nokre organismar er tilpassa området og kvarandre
  • oppleve naturen til ulike årstider, reflektere over korleis naturen er i endring, og kvifor året blir delt inn på ulike måtar i norsk og samisk tradisjon
  • planleggje og gjennomføre undersøkingar av ver og himmelfenomen og samanlikne målingar, observasjonar og verteikn gjennom året
  • utforske sansane gjennom leik ute og inne og samtale om korleis sansane blir brukte til å samle informasjon
  • gi døme på nokre vanlege sjukdommar og samtale om kva ein kan gjere for å verne kroppen mot smittsame sjukdommar

Undervegsvurdering