Naturfag (NAT01‑05)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for 8. trinn–10. trinn før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 10. trinn

  • stille spørsmål og lage hypotesar om naturfaglege fenomen, identifisere avhengige og uavhengige variablar og samle data for å finne svar
  • analysere og bruke innsamla data til å lage forklaringar, drøfte forklaringane i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på eigne og andre sine utforskingar
  • bruke og lage modellar for å føreseie eller beskrive naturfaglege prosessar og system og gjere greie for kva styrkar og avgrensingar modellane har
  • delta i risikovurderingar knytte til forsøk og følgje sikkerheitstiltaka
  • gi døme på dagsaktuell forsking og drøfte korleis ny kunnskap blir generert gjennom samarbeid og kritisk tilnærming til eksisterande kunnskap
  • utforske, forstå og lage teknologiske system som består av ein sendar og ein mottakar
  • bruke programmering til å utforske naturfaglege fenomen
  • utforske kjemiske reaksjonar, forklare massebevaring og gjere greie for betydningar av nokre forbrenningsreaksjonar
  • bruke atommodellar og periodesystemet til å gjere greie for eigenskapar til grunnstoff og kjemiske samband
  • beskrive drivhuseffekten og gjere greie for faktorar som kan vere årsak til globale klimaendringar
  • gjere greie for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måtar å omdanne, transportere og lagre energi på
  • drøfte korleis energiproduksjon og energibruk kan påverke miljøet lokalt og globalt
  • beskrive korleis forskarar har kome fram til evolusjonsteorien og bruke denne til å forklare utvikling av biologisk mangfald
  • samanlikne celler hos ulike organismar og beskrive samanhengar mellom oppbygging og funksjon
  • utforske samanhengar mellom abiotiske og biotiske faktorar i eit økosystem og diskutere korleis energi og materie blir omdanna i kretsløp
  • gi døme på og drøfte aktuelle dilemma knytte til utnytting av naturressursar og tap av biologisk mangfald
  • gi døme på den tradisjonelle kunnskapen samane har om naturen, og diskutere korleis denne kunnskapen kan bidra til berekraftig forvalting av naturen
  • gjere greie for korleis fotosyntese og celleanding gir energi til alt levande gjennom karbonkretsløpet
  • bruke platetektonikkteorien til å forklare utviklinga til jorda over tid og gi døme på observasjonar som støttar teorien
  • drøfte spørsmål knytte til seksuell og reproduktiv helse
  • samanlikne nervesystemet og hormonsystemet og beskrive korleis rusmiddel, legemiddel, miljøgifter og doping påverkar signalsystema
  • beskrive immunforsvaret til kroppen og korleis vaksinar verkar, og gjere greie for kva vaksinar betyr for folkehelsa

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering