Gjenvinningsfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (GVF05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter utvikling, berekraft og sirkulær økonomi
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- reflektere over og beskrive betydninga avfallsressursane har for økonomi og miljø
- reflektere over moglegheiter for ombruk og gjenvinning og betydninga av berekraftig ressursutnytting
- drøfte og gjere greie for rolla til gjenvinningsindustrien i og den positive og negative verknaden av avfallshandteringa på klima og miljø
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere ulike arbeidsprosessar og reflektere over korleis ny teknologi kan påverke arbeidsprosessar
- utforske og presentere teknologi knytt til eige utdanningsprogram og vurdere han i eit berekraftsperspektiv (Henta frå læreplan i naturfag)
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen utvikling, berekraft og sirkulær økonomi når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen utvikling, berekraft og sirkulær økonomi. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i lærefaget. Kompetanasemåla i alle modulane skal forståast i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha éin midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i utvikling, berekraft og sirkulær økonomi. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
