Gjenvinningsfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (GVF05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter regelverk og rammeverk
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- utforske og bruke regelverk og løyve som regulerer gjenvinning og avfallshandtering
- beskrive ansvaret avsendaren har ved lasting av transportør og bruke reglar og retningslinjer for eksport av avfall
- beskrive formålet med materialselskap, retursystem og produsentansvar
- gjere greie for partssamarbeidet i bedrifta og reflektere over pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og over kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv
- lese og samanfatte fagleg innhald frå engelskspråkleg dokumentasjon (Henta frå læreplan i engelsk)
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen regelverk og rammeverk når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen regelverk og rammeverk. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i lærefaget. Kompetanasemåla i alle modulane skal forståast i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha éin midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i regelverk og rammeverk. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
