Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter helse, miljø og sikkerheit ombord

  • bruke sikkerheitsstyringssystem, vurdere risiko og vareta helse og sikkerheit om bord etter gjeldande regelverk
  • gjennomføre arbeid slik at fysisk helse blir vareteken, og vurdere om arbeidet kan forbetrast med omsyn til ergonomi
  • følgje prosedyrar i beredskaps- og nødssituasjonar, vurdere situasjonen og bruke brann- og redningsutstyr
  • bruke og følgje rettleiingar og retningslinjer for oppbevaring og merking av kjemikaliar og helseskadelege stoff
  • velje ut og bruke personleg verneutstyr ved ulike arbeidsoperasjonar om bord (Henta frå læreplan i vg2 fiske og fangst)
  • registrere og rapportere avvik i samsvar med vedlikehalds- og sikkerheitsstyringssystem og forklare korleis eit slikt system kan bidra til å effektivisere drifta
  • førebyggje og avgrense forureining i tråd med nasjonalt og internasjonalt regelverk, og reflektere over korleis drifta av eige fartøy påverkar miljøet
  • gjennomføre hygiene og reinhald om bord på aktuelt fartøy etter gjeldande regelverk, standardar og kvalitetssystem
  • bruke ISPS-koden ved anløp til hamner som krev det

Undervegsvurdering