Fiske og fangst – modulstrukturert opplæring for vaksne (FFA05‑01)
Vurderingsordning
Sluttvurdering
Før fagprøva må alle ha bestått ein skriftleg eksamen som er laga ut frå læreplanen i fiske og fangst (FFA03-03). Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.
Opplæringa i fiske og fangst – modulstrukturert opplæring for vaksne skal avsluttast med ei fagprøve. Fagprøva skal lagast ut frå læreplanen i fiske og fangst (FFA03-03). Alle skal opp til fagprøva, som skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på éin–to vyrkedagar.
