Fakta om fagopplæringa 2024
Sysselsetjing av nyutdanna fagarbeidarar
Hovudfunn
- 83 prosent av fagarbeidarane var i jobb året etter fag- eller sveineprøva
- Nesten alle praksiskandidatar var i jobb
- Bygg- og anleggsteknikk hadde høgast sysselsetjingsgrad med heile 88 prosent
- Nær 9 av 10 av nye fagarbeidarane i Innlandet var i jobb året etter fag- eller sveineprøva
- 72 prosent av kandidatane som tek fagopplæring i skole var i jobb året etter, 7 prosentpoeng fleire enn året før
Fleire tal om sysselsetjing av fagutdanna.
Fleire fagarbeidarar er i jobb eitt år etter fagprøva
Over 83 prosent av dei som bestod fag- eller sveineprøva i 2022 og 2023 var i arbeid i november året etter. Dette er litt fleire enn førre samanslåtte årskull, 2021 og 2022.
Ein kan ta fag- eller sveineprøve som lærling, praksiskandidat eller som elev med fagopplæring i skole. Sysselsetjingstala varierer mellom desse gruppene.
Om statistikken
Statistikken tar utgangspunkt i to kull nyutdanna fagarbeidarar, og viser om dei er i arbeid, utdanning eller utanfor arbeid og utdanning per november første år etter at dei oppnådde sluttkompetanse. Kulla blir slått saman for å omfatte nok personar til at vi kan vise tal fordelte på lærefag.
Årskull 2023+2024 består av dei som bestod fag- eller sveineprøva mellom 1. oktober 2022 og 30. september 2023 (2022–23-kullet), og dei som bestod prøva mellom 1. oktober 2023 og 30. september 2024 (2023–24-kullet).
I tillegg blir det vist sysselsetningstal for dei som oppnår kompetansebevis og vitnemål med yrkeskompetanse (yrkeskompetansefag) i same periode. Fleire tal om sysselsetjing av fagutdanna.
Tala er produsert av Statistisk sentralbyrå (SSB). SSB koplar data om fag- og sveineprøver og vitnemål med yrkeskompetanse med informasjon frå utdanningsregistera deira og A-ordninga.
Nesten alle praksiskandidatar var i arbeid året etter fagprøva. Dette er personar som har tilstrekkeleg arbeidserfaring til å gå opp til fagprøve utan læretid.
77 prosent av lærlingane som oppnådde fag- eller sveinebrev var i arbeid året etter, mens 17 prosent var i utdanning og 6 prosent var utanfor arbeid eller utdanning. Av elevane som fullførte fagopplæring i skole, var 72 prosent i arbeid, noko som er 7 prosentpoeng fleire enn årskulla 2021 og 2022. 15 prosent av elevane som fullførte fagopplæring i skole var utanfor arbeid og utdanning året etter fag- eller sveineprøva. Dette er færre enn i tidlegare årskull.
Bygg- og anleggsteknikk har høgast andel i arbeid
Dei fleste som oppnår fag- eller sveinebrev er i arbeid, eller utdanning, eitt år etter å ha bestått fagprøva. Bygg- og anleggsteknikk hadde høgast sysselsetjingsgrad – hele 88 prosent var i arbeid året etter fagprøva. Tilsvarande andel i design og handverk er 75 prosent.
Kor mange som verken er i arbeid eller utdanning varierer mellom utdanningsprogramma. I restaurant- og matfag var 8 prosent verken i utdanning eller arbeid eitt år etter fagprøva, mens tilsvarande tal for helse- og oppvekstfag berre var 4 prosent.
Sysselsetjingsandelen varierer også mellom ulike fag i utdanningsprogramma. Nesten alle (96 prosent) som tek kjøttskjerarfaget er i jobb etter eitt år, mens det same gjelder to av tre av dei som tek konditorfaget.
Innlandet har flest nyutdanna fagarbeidarar i jobb
På tvers av fylke er mange av dei som nyleg har oppnådd fagkompetanse enten i utdanning eller arbeid. Dette gjelder hele 96 prosent i Nordland, Trøndelag og Innlandet. Sjølv om talet er lågare i Oslo, er likevel 92 prosent av dei nyutdanna fagarbeidarane der i utdanning eller arbeid eitt år etter fag- eller sveineprøva.
Andelen nyutdanna fagarbeidarar i jobb er høgast på Innlandet, og lågast i Møre og Romsdal. Mange av fylka med lågast andel i arbeid, har dei høgaste andelane som er i utdanning. Møre og Romsdal, med lågast andel fagarbeidarar i arbeid, har til dømes høgast andel som fortsett i utdanning.
Stabil utvikling i sysselsetjing det siste året
Utviklinga i sysselsetjinga blant dei nyutdanna fagarbeidarane speglar den generelle sysselsetjingsutviklinga i økonomien. I 2020 var det stor uvisse i arbeidsmarknaden som følgje av koronapandemien, noko som gjorde det vanskelegare for nyutdanna fagarbeidarar å få jobb. Fleire fortsette med utdanning eller var utanfor både arbeid og utdanning. Økonomien og sysselsetjinga fortsette å betre seg i 2023 og fleire nyutdanna fagarbeidarar fekk jobb.
Frå årskulla 2015 og 2016 til årskulla 2022 og 2023 er det rundt tre prosentpoeng fleire nyutdanna fagarbeidarar i arbeid.
1 av 3 som har fullført yrkeskompetansefag fortsett med utdanning
Nærare 3 800 fekk vitnemål med yrkeskompetanse i 2022 og 2023 samla. Omkring to tredjedelar av desse elevane gjekk på helse- og oppvekstfag.
Av elevane som fekk vitnemål med yrkeskompetanse, er 58 prosent i arbeid første året etter dei er ferdige med utdanninga. 32 prosent er framleis i utdanning, mens 11 prosent verken er i arbeid eller utdanning. Fleire av dei med vitnemål med yrkeskompetanse går ut i arbeid no enn i åra før pandemien.
6 av 10 av dei nyutdanna lærekandidatane er i jobb
Av dei 1 200 lærekandidatane som fekk kompetansebevis i 2022 og 2023 samla, er 61 prosent i arbeid året etter. 8 prosent er framleis i utdanning, mens 31 prosent verken er i arbeid eller utdanning.