Fakta om fagopplæringa 2024
29 400 søkte om læreplass i 2024, det viser ny statistikk. Det var både fleire søkarar til læreplassar og fleire som inngjekk lærekontrakt enn i 2023.
Meir enn 8 av 10 av søkarane starta i lære i bedrift. Frå oktober 2023 til og med september 2024 vart det inngått 24 200 nye lærekontraktar. I same periode var det 21 500 godkjente lærebedrifter med minst ein lærling.
I mange utdanningsprogram var det fleire lærlingar enn førre året som hadde fullført etter to år. Av 19 400 som starta i lære i 2019 hadde 16 600 oppnådd fag- eller sveinebrev etter fem år. Til saman oppnådde 29 750 fag- eller sveinebrev sist år.
Over 83 prosent er i jobb eitt år etter fag- eller sveineprøva. Det er stabilt kor mange av dei nyutdanna som er utanfor arbeid og utdanning. Samanlikna med i fjor er 1 prosentpoeng fleire av dei nyutdanna i jobb, og 1 prosentpoeng færre under utdanning.
I åra framover forventast det behov for fleire fagarbeidarar. Både økt rekruttering, tilgang til læreplass og økt gjennomføring vil være viktig for at dette behovet møtest.