Fakta om fagopplæringa 2024

Søkarar på læreplass og nye lærekontraktar

Hovudfunn

  • 29 400 søkte læreplass i 2024, noko som er 400 fleire enn året før
  • 8 av 10 av søkarane fekk lærekontrakt
  • Flest av søkarane fekk læreplass innan bygg- og anleggsteknikk
  • Større skilnader mellom fylka i kor mange som fekk læreplass enn året før
  • Talet på nye lærlingar aukar igjen
  • 24 200 lærlingar fekk lærekontrakt i fjor
  • Flest nye lærlingar i teknologi- og industrifag

Søkarar som har fått lærekontrakt

Statistikken viser andelen søkarar som har fått ein godkjent lærekontrakt og begynt læretiden i løpet av eit kalenderår. Denne statistikken viser kor mange som ønskte seg læreplass, og kor mange av desse som fekk ønsket sitt oppfylt. Statistikken viser òg andelen søkarar som får alternativ til lærekontrakt, altså opplæringskontrakt eller fagopplæring i skole.  
 
Vi publiserer tal per august, oktober og desember. Tala per desember inkluderer kontraktar som både er starta og godkjente av fylkeskommunen mellom 1. januar og 31. desember det gjeldande året. Statistikken samsvarar derfor ikkje det samla talet på nye kontraktar for eitt år. Til dømes vil ein kontrakt som starta 1. desember 2024, men først vart godkjend i januar 2025, ikkje komma med i statistikken for 2024, men først komma med i statistikken for 2025. 

Fleire søkte læreplass i 2024

I 2024 var det nesten 29 400 personar som søkte om læreplass i Noreg, dette er om lag 400 fleire enn året før. 23 600, om lag 80 prosent av søkarane, fekk læreplass. Meir enn 7 av 10 av søkarar som fekk lærekontrakt starta i lære innan 31. august. Andelen auka til meir enn 8 av 10 søkarar når ein ser på dei som starta i lære innan 31. desember. Det vil seie at om lag 3 400 fleire fekk læreplass mellom 31. august og 31. desember.

I 2024 fekk 4 prosent av søkarane ein opplæringskontrakt. Denne kontrakten er eit alternativ til lærekontrakt der søkaren får opplæring i bedrift som lærekandidat. Målet til lærekandidaten er eit kompetansebevis, som er mindre omfattande enn eit fag- eller sveinebrev. 

Søkarar som ikkje får læreplass, skal få tilbod om eit anna opplæringstilbod på vg3, det som i statistikken blir omtalt som fagopplæring i skole. Dei følger då same læreplan som om dei fekk opplæring i bedrift, men opplæringa skjer i regi av skolefylket. 3 prosent av søkarane starta på eit slikt opplæringstilbod innan utgangen av 2024. Eit fleirtal av dei som begynte fagopplæring i skole starta innan 31. august. Av 900 kandidatar som fekk dette tilbodet, var 840, eller 94 prosent, registrerte innan 31. oktober 2024. I 2023 var tilsvarande andel 81 prosent. Auken i oktober-registreringane frå i fjor tyder på at fylka har prøvd å auka registreringane innan fristen sett i forskrift § 6-2 til opplæringslova. Dei som ikkje får læreplass, får rett til eit anna opplæringstilbod på vg3 så snart som mogleg, og seinast innan 1. oktober.

Kva er lærling, lærekandidat, fagopplæring i skole og fagbrev på jobb?

Lærlingar er personar som har inngått ein lærekontrakt om opplæring og praksis i ei bedrift, med sikte på fag- eller sveinebrev. Læretida er normalt på to år, men nokre fag har treårig lære.

Lærekandidatar inngår ein opplæringskontrakt med ei lærebedrift, og går opp til ei kompetanseprøve med sikte på kompetansebevis. Eit kompetansebevis er mindre omfattande enn fag- eller sveinebrev.

Fagopplæring i skole, òg kalla alternativ vg3, er eit tilbod til søkarar som ikkje har fått læreplass i bedrift. Desse elevane får opplæring i faget i regi av fylket med sikte på fag- eller sveinebrev, eller kompetansebevis. Opplæringstida i skole for desse kandidatane er normalt på eitt år.

Fagbrev på jobb er ei ordning for vaksne som er i eit arbeidsforhold. Ordninga gjer det mogleg å få fag- eller sveinebrev på grunnlag av allsidig praksis, realkompetansevurdering og opplæring kombinert med rettleia praksis i vanleg arbeid.

Vanlegast å få lærekontrakt innan bygg- og anleggsteknikk

Det er skilnader mellom utdanningsprogramma når det gjeld kor stor del av søkarane som får lærekontrakt. Andelen er størst innan bygg- og anleggsteknikk og elektro og datateknologi, der 85 prosent av søkarane fekk lærekontrakt. Historisk har det vore bygg- og anleggsteknikk som har høgast andel søkarar med lærekontrakt, men dei siste åra har elektro og datateknologi tatt innpå, og har nå om lag like stor andel søkarar med kontrakt. 

Til samanlikning fekk 76 prosent av søkarane til helse- og oppvekstfag lærekontrakt. Av 5 300 søkarar i helse- og oppvekstfag fekk 4 000 lærekontrakt.

Andelen søkarar som fekk opplæringskontrakt i 2024, varierer frå 13,5 prosent i restaurant- og matfag til 0,3 prosent i elektro og datateknologi. Andelen som starta fagopplæring i skole, varierer frå 25 prosent i handverk, design og produktutvikling til omkring 1 prosent i naturbruk, teknologi- og industrifag og restaurant- og matfag. 

Fullføringsreforma 

1. august 2024 trådde ny opplæringslov og den såkalla Fullføringsreforma i kraft. Sjå Prop. 57 L (2022–2023). Den nye opplæringslova inneber blant anna rett til yrkesfagleg rekvalifisering. Det vil si at alle som har oppnådd ein studie- eller yrkeskompetanse har rett til opplæring frem mot éin ny sluttkompetanse innanfor et yrkesfagleg utdanningsprogram. Reforma inneheld òg ei rekke andre endringar i utdanninga som vil påverke dei som startar fagopplæringa i åra framover.

Fagfornyinga 

Fagfornyinga var ei fornying av alle læreplanar (Meld. St. 21 (2020–2021). I tillegg vart talet på utdanningsprogram utvida frå åtte til ti, det vart innført fire nye utdanningsprogram, nokre av programområda og lærefaga fekk nye namn, og nokre lærefag blei flytta til et anna programområde enn tidlegare. 

Det nye læreplanverket vart teken i bruk for vg1 hausten 2020. Læreplanane for vg2 og vg3 ble høvesvis tatt i bruk hausten 2021 og hausten 2022.

Færre søkarar, men fleire kontraktar i helse- og oppvekst

Blant utdanningsprogramma med auke i andelen søkarar som fekk lærekontrakt frå 2023 finner vi frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign, naturbruk og helse- og oppvekstfag. Desse utdanningsprogramma veks med høvesvis 3,3, 2,8 og 1,8 prosent frå året før. I naturbruk og frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign auka andelen som fekk kontrakt, samtidig som det var fleire søkarar. I helse- og oppvekstfag var derimot den rekordhøge andelen som fekk lærekontrakt ein konsekvens av at det var færre søkarar på læreplass.

Elektro- og datateknologi, sal, service og reiseliv og teknologi- og industrifag er blant utdanningsprogramma med eit fall i andelen som fekk lærekontrakt. Sjølv om bygg- og anleggsteknikk har flest søkarar med lærekontrakt i 2024, fekk framleis 2 prosentpoeng færre søkarar lærekontrakt i 2024 enn toppåret 2022. Dette kan ha samanheng med nedgangen i bygge- og anleggsaktiviteten i 2023 og 2024.

Utdanningsprogramma merka med * i Figur 2 var nye hausten 2020, sjå infoboks om fagfornyinga.

9 av 10 fekk lærekontrakt i Rogaland

Det er òg skilnader mellom fylka i kor stor prosentandel av søkarane som fekk lærekontrakt i 2024. I Rogaland fekk 88 prosent av søkarane lærekontrakt, noko som er nesten 3 prosentpoeng meir enn i 2023. Også i Telemark var det ein stor auke i andelen som fekk lærekontrakt. 4 prosentpoeng fleire fekk lærekontrakt i Telemark i 2024, frå 68 prosent i 2023 til 72 prosent i 2024. I Østfold fekk derimot berre 67 prosent av søkarane ein lærekontrakt, noko som likt som året før.

Det er òg store fylkesskilnader i kor mange som får lærekontrakt innanfor kvart utdanningsprogram. Til dømes har 95 prosent av søkarane til bygg- og anleggsteknikk i Oslo fått lærekontrakt, mens 72 prosent har fått dette i Telemark. Innan helse- og oppvekstfag varierer andelen frå 90 prosent i Troms til 65 prosent i Østfold. Desse skilnadene kan kome av talet på tilgjengelege lærebedrifter i fylket, konjunktursituasjonen i bransjen eller fagprofilen i fylket. 

15 prosent av søkarane fekk ikkje læreplass i bedrift

Nærare 85 prosent av søkarane starta opplæring i bedrift som lærling eller lærekandidat i løpet av 2024. Det betyr samtidig at 15 prosent av søkarane ikkje fekk læreplass i bedrift innan utgangen av året. 

Det kan vere mange grunnar til at søkarar ikkje får læreplass. Årsaker kan vera at bedriftene ikkje opplever søkarane som kvalifiserte eller klare for overgangen til lære, at talet på skoleplassar ikkje samsvarar med talet på tilgjengelege læreplassar, eller at bedriftene manglar motiv for å ta inn lærlingar (Utdanningsdirektoratet 2019).

Tidlegare analysar har òg vist at ein stor del av søkarane som står utan læreplass, er i anna vidaregåande opplæring eller får læreplass på eit seinare tidspunkt (Utdanningsspeilet 2022). 

Talet på nye lærlingar aukar igjen

24 200 nye lærlingar starta opplæringa innan 1. oktober 2024. Det er 40 fleire lærlingar enn året før. Talet på nye lærlingar har auka jamt sia Samfunnskontrakten for fleire læreplassar 2011–2015 ble inngått, men gjekk noko ned i 2019–20, truleg som følge av at mange bedrifter og verksemder hadde utfordringar som følge av korona. Trass nedgangen i 2022–23 er talet på nye lærekontraktar framleis høgare enn før pandemien.

Hovuddelen av læreplassane finn vi i privat sektor. 75 prosent av alle nye lærlingar har læreplass i privat sektor, mens 18 prosent har starta i lære i kommunal og 7 prosent i statleg sektor. Helse- og oppvekstfag skil seg naturleg nok frå dei andre utdanningsprogramma ved at omkring 96 prosent av lærlingane har læreplass i offentleg sektor. Helse- og omsorgstenester, som sjukeheim, heimetenester, sjukehus og barnehagar blir drivne i stor grad av det offentlege.

Sjå fleire tal om nye lærlingar

Om statistikkane om lærlingar

Talet på nye lærekontraktar viser kor mange personar som starta i lære mellom 1. oktober eitt år og 30. september året etter. Ein person blir berre tald med éin kontrakt kvart år. Nye lærlingar for 2024 er personar med lærekontrakt som begynte mellom 1. oktober 2023 og 30. september 2024.

Talet på løpande lærekontraktar viser kor mange lærlingar som var under kontrakt per 1. oktober. Dette er det totale talet på aktive lærlingar, uavhengig av når dei starta i lære.

Størst auke i nye lærlingar i teknologi- og industrifag

Det er flest nye lærlingar i teknologi- og industrifag. Frå året før var det meir enn 300 fleire lærlingar, ein auke på 6 prosent, i teknologi- og industrifag. Talet på nye lærlingar aukar som forventa også i dei nye utdanningsprogramma sal, service og reiseliv, informasjonsteknologi og medieproduksjon og frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign.

I utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk og elektro og datateknologi faller talet på nye lærlingar med høvesvis 5 og 4 prosent frå året før. I helse- og oppvekstfag og restaurant- og matfag var det omtrent like mange nye lærlingar som i fjor.

Dei siste ti åra har talet på nye lærlingar auka med 4 400. Halvparten av denne auka har vore i teknologi- og industrifag. Det er derimot i naturbruk at den relative auken har vore størst, med 75 prosent auke i denne perioden.

Flest nye lærlingar i Rogaland

Talet på nye lærlingar auke i halvparten av fylka. Utviklinga varierer frå 25 prosent auke i Finnmark til eit fall på 10 prosent i Trøndelag. Rogaland hadde flest nye lærlingar med meir enn 230, noko som er nesten 8 prosent meir enn året før. Mykje av auken i Rogaland kjem frå utdanningsprogrammet teknologi- og industrifag, der meir enn 160 nye lærlingar starta i lære. Sjølv om Østfold har lågast andel søkarar som får lærekontrakt, så er dei blant dei med høgast vekst i nye lærlingar frå i fjor. I Trøndelag var det derimot meir enn 260 færre nye lærlingar enn året før. Meir enn halvparten av nedgangen kjem frå bygg- og anleggsteknikk.

48 500 aktive lærekontraktar

Totalt var det 48 500 lærlingar med ein løpande kontrakt per 1. oktober 2024. Det er om lag 170 fleire lærlingar enn til same tid i 2023. Talet på løpande lærekontraktar inkluderer både førsteårslærlingar og dei som har vore lærling i meir enn eitt år. 

Meir populært å ta fagbrev på jobb

I tillegg til lærlingane var det nesten 2 100 lærekandidatar og 1 800 personar med kontrakt om fagbrev på jobb. Fagbrev på jobb er ei relativt ny ordning, men var allereie i 2024 ein og ein halv gong større, frå 700 i 2020 til 1 800 i 2024.

Elevar som ikkje får læreplass, har rett til anna opplæringstilbod på vg3 for å fullføre den yrkesfaglege vidaregåande opplæringa si. Meir enn 900 elevar fekk fagopplæring i skole per 1. oktober 2024, ein auke på nesten 90 frå i fjor. Auken frå i fjor kjem frå blant anna elektro og datateknologi og bygg- og anleggsteknikk. 

21 500 bedrifter hadde lærling sist år

I 2023–24 var det om lag 29 100 godkjende lærebedrifter i Noreg, og omtrent 21 500 av desse hadde lærling. Altså hadde 26 prosent av dei godkjende lærebedriftene ikkje lærling sist året. Andelen lærebedrifter utan lærling har lege mellom 24 og 29 prosent dei siste 10 åra. Trass i at talet på lærebedrifter med lærling har auka dei siste åra, er det framleis mange godkjende lærebedrifter utan lærling. Andelen lærebedrifter utan lærling har lege mellom 24 og 29 prosent sidan 2013–14. Dette tyder på at det ikkje er tilstrekkeleg å rekruttere nye lærebedrifter – lærebedriftene må òg ta inn lærlingar.

Mens talet på godkjende lærebedrifter det siste året auka med omkring 800, auka derimot talet på lærebedrifter med lærling berre med 40. Dette er den lågaste årlege aukinga i lærebedrifter med lærling dei siste ti åra, kor det totalt har blitt 3 400 fleire lærebedrifter med lærling. 

Sjå fleire tal over godkjende lærebedrifter.

Dei fleste av lærebedrifter med lærling er i privat sektor. Nær 90 prosent av lærebedriftene med lærling er private, mens 7 prosent er kommunale og i underkant av 3 prosent er statlege.