Fakta om fagopplæringa 2024

Gjennomføring av læretida

Hovudfunn

  • Nær 9 av 10 bestod fag- eller sveineprøva innan fem år
  • Gjennomføringa i årets kull er like høg som kullet før
  • Etter fem år er det flest innan elektro og datateknologi som har gjennomført
  • Etter to år er det flest innan informasjonsteknologi og medieproduksjon som har gjennomført

Stabil høg gjennomføringsgrad blant lærlingar

Av dei 19 400 lærlingane i 2019-kullet bestod 54 prosent fag- eller sveineprøva innan to år etter at dei begynte læretida, mens 78 prosent hadde bestått etter tre år. Tala for 2019-kullet er på same nivå som for 2018-kullet. Gjennomføringsgraden aukar markant frå to år etter starten av læretida til tre år etter. Ein viktig grunn er at fleire lærefag har opplæringsmodellar der læretida i bedrift er lengre enn to år. I elektro og datateknologi, som har fleire læreløp der læretida er lengre enn to år, aukar andelen med gjennomført læretid frå 23 prosent etter to år til 84 prosent etter tre år. Innan fem år hadde 86 prosent av alle lærlingane oppnådd eit fag- eller sveinebrev, noko som er om lag likt som for 2018-kullet.

Det er også nokre som bruker lengre tid enn normert på læretida. Årsaker kan vere midlertidige avbrot, grunna for eksempel permitteringar, sjukdom, omval, forseinkingar med fag- eller sveineprøva, eller at lærlingane treng fleire forsøk på prøva.

Sjå fleire tal om gjennomføring av læretida

86 prosent har oppnådd fagbrev fem år etter at dei begynte i lære

Andelen lærlingar som oppnår fag- eller sveinebrev etter fem år er stabil høg. I 2019-kullet hadde 16 600 av 19 400 lærlingar oppnådd fag- eller sveinebrev innan fem år. Dette utgjer 86 prosent. I same periode var 10 prosent, eller 2 000, av lærlingane ute av lære utan å ha fullført.

Elevar som ikkje får læreplass, skal få tilbod om opplæring i skolen. I 2019-kullet fekk om lag 1 200 kandidatar opplæring i skolen. 52 prosent av elevane som starta fagopplæring i skole i 2019 fullførte med fag- eller sveinebrev eller kompetansebevis. Denne andelen auka til 69 innan fem år. Over 19 prosent av dei som får opplæring i skole er ute av lære utan å ha fullført. Dette er 2 prosentpoeng færre enn i 2018-kullet. 

2019-kullet bestod av nesten 800 lærekandidatar. Av desse har om lag 64 prosent oppnådd kompetansebevis fem år etter dei starta i lære. Andelen varierer mellom utdanningsprogramma, der det er høgast i helse- og oppvekstfag med 68 prosent og lågast i naturbruk med 58 prosent.

Flest fullfører i elektro og datateknologi

Ein god del av lærlingane som startar opplæring i bedrift, bruker altså meir enn to år på å fullføre læretida og bestå fagprøva. Innan fem år hadde 86 prosent av lærlingane oppnådd eit fag- eller sveinebrev. Det er òg tydeleg skilnad mellom utdanningsprogramma når det gjeld kor mange som har oppnådd fag- eller sveinebrev fem år etter dei begynte i lære. Blant lærlingane varierer det frå 91 prosent innan elektro og datateknologi til 69 prosent innan design og handverk. Sjølv om en svært høg andel av lærlingane i elektro og datateknologi har fullført innan fem år, er det likevel to prosentpoeng mindre enn for 2018-kullet.

Informasjonsteknologi og medieproduksjon hadde høgast gjennomføring etter to år

Lærlingar som følger eit klassisk 2+2 løp (to år i skole og to år i lære) skal i teorien ha fullført sin læretid etter to år. Tala for 2024 viser at for dei som no har vore to år i lære, 2022-kullet, så har 53 prosent oppnådd eit fag- eller sveinebrev. Informasjonsteknologi og medieproduksjon hadde høgast andel med oppnådd fag- eller sveinebrev to år etter at dei begynte i lære. 76 prosent, eller meir enn 510 lærlingar, fekk fag- eller sveinebrev etter to år. I programfaget IT-driftsfaget, der fleirtalet av lærlingane i informasjonsteknologi og medieproduksjon høyrer til, har 77 prosent fullført med fag- eller sveinebrev. 

Det er derimot eit fall i andelen som har fullført læretida etter to år i fleire av utdanningsprogramma. Lærlingar i restaurant- og matfag og teknologi- og industrifag har lågare andel som har oppnådd fag- eller sveinebrev etter to år samanlikna med 2021-kullet. Desse har høvesvis 4 og 3 prosentpoeng lågare andel med fag- eller sveinebrev etter to år. 

Om statistikken «Gjennomføring av læretida»

Ein person blir berre tald med i kullet der vedkommande først fekk kontrakt. Dersom ein person har teikna fleire kontraktar, er det den første kontrakten som definerer starttidspunktet til læretida og kva fylke, lærefag og kontraktstype personen blir registrert med. Det vil seie at om nokon seinare får ein ny kontrakt, vil dei likevel for alle måletidspunkta vere registrerte i det kullet, fylket og lærefaget dei først fekk kontrakt i, og med den kontraktstypen dei først vart registrerte med. Ein person kan dermed ha fullført læretida innan eit anna fag eller fylke enn den første kontrakten er registrert på, dersom personen har fått ein ny kontrakt.

Tidspunkta for gjennomføringsstatus (måletidspunkta) er berekna ut frå startdatoen for kontrakten til kvar person. For kvart måletidspunkt blir det inkludert to månader utover talet på år, slik at første status blir registrert akkurat to år og to månader etter startdatoen til den enkelte personen, andre status etter tre år og to månader, osv. Dette er fordi fag- og sveineprøva kan bli teken inntil to månader etter at læretida er ferdig.

Statusen for ein lærling/elev/lærekandidat kan endre seg heilt til sluttkompetanse er oppnådd.