Fakta om fagopplæringa 2024

Oppnådde fag- og sveinebrev

Hovudfunn

  • 29 750 nye fagarbeidarar i 2023–24, 500 færre enn året før
  • Omkring to tredjedelar av dei nyutdanna hadde vore praksiskandidatar
  • Få tek fagbrev på jobb, men talet aukar frå år til år
  • I to av tre fylke var det færre nyutdanna fagarbeidarar enn i 2022–23
  • Blant lærlingar var omkring 92 prosent av avlagde fag- eller sveineprøver beståtte

Nær 30 000 nyutdanna fagarbeidarar sist år

Totalt oppnådde 29 750 fag- eller sveinebrev i perioden 2023–24. Det er eit fall på om lag 500 frå førre periode, som hadde det hittil høgaste årlege talet på nyutdanna fagarbeidarar. 

Fag- og sveinebrev 2023–24 er målt som beståtte fag- og sveineprøver som vart avlagde frå og med 1. oktober 2023 til og med 30. september 2024. I tillegg til å ha bestått fag- eller sveineprøva i denne perioden, må kandidaten ha fullført teoridelen av utdanninga innan 31. desember 2024 for å teljast med.

I tillegg til dei som oppnådde fag- og sveinebrev var det omkring 670 som oppnådde eit kompetansebevis i 2023–24, som er mindre omfattande enn eit fag- eller sveinebrev.

63 prosent hadde vore lærling

Av dei som bestod fag- eller sveineprøva hadde 63 prosent vore lærlingar, mens omkring 3 prosent hadde fullført fagopplæring i skole. Omkring 32 prosent var praksiskandidatar, altså personar med tilstrekkeleg arbeidserfaring til å gå opp til fagprøve utan læretid. Kor mange som oppnår fag- og sveinebrev via dei ulike vegane varierer mykje mellom ulike fag.

Den siste vegen til fag- og sveinebrev er fagbrev på jobb. Dette er ei relativt ny ordning der vaksne som allereie er i eit arbeidsforhold kan få fag- eller sveinebrev. Sjølv om berre litt over 2 prosent av dei som tok fag- eller sveinebrev brukte denne ordninga i 2023–24, er det framleis ein auke frå tidlegare år. Kor mange som tek fagbrev på jobb har auka gradvis frå omkring 100 i 2019–20 til omkring 650 i 2023–24.

Sjå fleire tal om fag- og sveinebrev i statistikkbanken. I tillegg har Utdanningsdirektoratet eitt analysebrett der ein kan sjå tal og figurar for fag- og yrkesopplæringa.

Flest fag- og sveinebrev i helse- og oppvekstfag

Figuren under viser oppnådde fag- og sveinebrev i perioden 1. oktober 2023–30. september 2024 fordelt på utdanningsprogram. Flest fag-/sveinebrev vart avlagt i helse- og oppvekstfag, etterfølgt av bygg- og anleggsteknikk og teknologi- og industrifag.

Fagfornyinga gjer det vanskeleg å samanlikne utdanningsprogramma på tvers av dei siste åra. Blant anna er yrkessjåførfaget flytta frå service og samferdsel til teknologi- og industrifag, og blant dei nyutdanna det siste året har ein del avlagd prøve i det gamle yrkessjåførfaget, og nokre i det nye. Nokre endringar er likevel klare. Mens det er ein nedgang i totaltalet nyutdanna fagarbeidarar, er endringa frå fjoråret ulik i dei ulike faga. Mellom anna er det fleire nyutdanna i elektro og datateknologi, samanlikna med fjoråret, mens det er færre nyutdanna i helse- og oppvekstfag. Videre vart det i bygg- og anleggsteknikk utdanna omkring like mange fagarbeidarar som i fjor.

I to av tre fylke var det færre nyutdanna fagarbeidarar enn i 2022–23. Nedgangen var størst i Akershus, etterfølgt av Østfold og Troms. I desse fylka var det høvesvis omkring 270, 150 og 110 færre nyutdanna fagarbeidarar enn i 2022–23. I Vestland ser ein derimot ein auke på omkring 250.

Ulike vegar til yrkeskompetanse

Dei fleste består fag- og sveineprøva

I 2023–24 vart omkring 92 prosent av avlagde fag- og sveineprøver for lærlingar beståtte. Talet på beståtte fag- og sveineprøver varierer mellom fag, frå omkring 88 prosent i frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign til 95 prosent i teknologi- og industrifag. 

Lærlingane kan gå opp til fag- og sveineprøva tidlegast 3 månadar før læretidas slutt. Dei kan gå opp til prøva sjølv om dei manglar ståkarakter i inntil 2 fellesfag. I statistikken er ein fag- eller sveineprøve registrert som bestått berre dersom kandidaten har bestått fag- eller sveineprøva og har fullført teoridelen av utdanninga. Tala på beståtte prøver bør dermed tolkast som kor stor andel prøver som minimum er beståtte.

Utviser ein kandidat mykje god eller framifrå kompetanse på prøva, svarer dette til karakteren «bestått mykje godt». Kor mange prøver som får denne karakteren varierer mykje på tvers av utdanningsprogramma. 41 prosent av fag- og sveineprøvene i naturbruk vart «bestått mykje godt», mens det same gjaldt 15 prosent av prøvene i frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign. Karakterskilnadene mellom fagområda kan ha ulike årsaker. Ved sida av trekk ved kandidatane, kan prestasjonane påverkast av kvaliteten på opplæringa. Karakterskilnadene kan òg ha opphav i ulike vurderingspraksisar (Sjå Aspøy mfl. 2023). 

Figuren under viser resultata på alle avlagde fag- og sveineprøver blant lærlingar i utvalde utdanningsprogram. Handverk, design og produktutvikling er ikkje teken med på grunn av få avlagde prøver. Tala er medrekna prøver i fag som tidlegare låg under utdanningsprogramma. Sjølv om desse faga har vore utfasa, er det framleis ein god del som avlegg prøve i dei.

I figuren inkluderer "Ikkje bestått", dei som har bestått fag- eller sveineprøva, men som ikkje har fullført teoridelen av utdanninga innan 31. desember 2024.

Blant praksiskandidatane og dei som tek fagbrev på jobb, er 2–3 prosentpoeng fleire av prøvene beståtte enn blant lærlingane. Det er derimot færre beståtte prøver blant dei som ikkje har fått lærlingplass, og derfor har nytta fagopplæring i skolen. Blant desse kandidatane er 83 prosent av fag- eller sveineprøvene beståtte.

Mange kandidatar som stryk går raskt opp til ny prøve

Av dei som gjekk opp til prøve i 2023–24, fekk omkring 87 prosent av kandidatane frå fagopplæring i skole, 95 prosent av lærlingane og praksiskandidatane og 96 prosent av “fagbrev på jobb”-kandidatane fag- eller sveinebrev i 2023–24.

Desse tala er høgare enn andelen beståtte prøver, fordi ein del kandidatar gjekk opp til prøva på nytt same år, etter å ha strøket på første forsøk. Forsøk nummer to skjedde gjerne få månader etter det første forsøket. Her skil praksiskandidatane seg ut ettersom dei må vente 6 månader med å melde seg opp på nytt dersom dei ikkje står på fagprøva. 

Kjelder

Aspøy, T. M., A. Skålholt, G. Haaland, C. Drange og L. Gran (2023): Vurdering og kvalitet i fag- og svenneprøver. Fafo-rapport 2023:27.