Rundskriv om skolefritidsordninga

Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning

Regelverket

Skolefritidsordninga er regulert i opplæringslova § 4-5 og opplæringsforskrifta § 2-2 til og med § 2-5.

Det er òg vedteke forskrift om rammeplan for skolefritidsordningen

Opplæringslova – § 4-5 Skolefritidsordning
Opplæringsforskrifta – § 2-2 Gratis skolefritidsordning for elevar på 1. til 3. trinn
Opplæringsforskrifta – § 2-3 Gratis skolefritidsordning for elevar med særlege behov på 5. til 7. trinn
Opplæringsforskrifta – § 2-4 Redusert foreldrebetaling for skolefritidsordninga på grunn av låg inntekt
Opplæringsforskrifta – § 2-5 Behandling av søknader om redusert foreldrebetaling for skolefritidsordninga

Det står i opplæringslova § 4-5 at kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning (SFO). Tilbodet skal gjelde for elevar på 1.–4. trinn og for elevar med særskilde behov på 1.–7. trinn. Opplæringslova gir likevel ikkje barna rett til plass i skolefritidsordning, heller ikkje barn med særskilde behov. Kommunen er ikkje forplikta til å opprette eit bestemt tal på plassar eller til å gi tilbod ved meir enn éin av skolane i kommunen. Kommunen kan nytte andre til å oppfylle plikta kommunen har til å gi tilbod om skolefritidsordning. Kommunen har òg oppfylt plikta si sjølv om det berre er private skolefritidsordningar i kommunen.

Privatskolar kan drive ei skolefritidsordning som er knytt til skolen, men har inga plikt til det. Det følgjer av privatskolelova § 2-2. Opplæringslova § 4-5 med forskrifter gjeld ikkje desse skolefritidsordningane.