Sal, service og reiseliv (SSR02‑01)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for vg2 før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • utarbeide ein risikoanalyse med forslag til tiltak og gjere greie for ulike former for risikovurdering
  • drøfte ulike trusselbilete for verksemder og for samfunnet
  • utforske, forklare og bruke ein beredskapsplan
  • vurdere ulike fysiske, tekniske, manuelle og administrative sikkerheitstiltak
  • vurdere tiltak som kan førebyggje konflikt, bruke ulike metodar for handtering av konflikt- og nødssituasjonar og forklare korleis utfordrande åtferd og eins eiga åtferd kan påverke situasjonen og sikkerheita
  • utføre livreddande førstehjelp, ta ansvar for ein skadestad og reflektere over kva eiga framferd har å seie
  • gjere greie for brannteori og planleggje, gjennomføre og evaluere ei brannøving
  • undersøkje helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet i ei verksemd og gjere greie for korleis ansvar og oppgåver er fordelte mellom dei ulike rollene i verksemda
  • reflektere over kva yrkesetikk og bedriftskultur har å seie innanfor servicefaga, og gjere greie for etiske dilemma som kan oppstå i ulike arbeidssituasjonar
  • reflektere over kva sikkerheit og personvern har å seie for yrkesutøvelsen, og følgje rutinar for sikkerheit og personvern i ulike informasjons- og kommunikasjonskanaler

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering