Sal, service og reiseliv (SSR02‑01)
Kompetansemål og vurdering
Ikke gyldig før 1.8.2026
Forklaring

Kompetansemål
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utvikle, presentere og vurdere ein forretningsplan
- utforske trendar og forretningsmodellar lokalt og reflektere over korleis desse påverkar berekraft og miljø
- beskrive rekrutteringsprosessar og reflektere over forventningar til tilsette i ulike typar servicebedrifter
- berekne pris på eit produkt eller ei teneste og vurdere ulike former og strategiar for kalkulasjon og prissetjing
- gjere greie for ulike typar lønn og lønnskostnader
- utarbeide og presentere rekneskap og budsjett for ei sjølvvald verksemd eller eit sjølvvalt arrangement og kommentere budsjettavvik
- rekne ut og bruke sentrale nøkkeltal og vurdere lønnsemda ut frå dei
- beskrive ulike typar svinn, reflektere over konsekvensane av svinn og foreslå tiltak for å førebyggje svinn
- reflektere over korleis berekraft blir teken omsyn til i ei verdikjede
- beskrive og følgje regelverk som gjeld for servicebedrifter, og som regulerer forholdet til kundar, tilsette og næringsliv
- bruke digitale system og plattformer til å rettleie, informere, kommunisere og følgje opp kundar, brukarar, gjester og kollegaer
- drøfte kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og beskrive kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivet
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget økonomi og administrasjon når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget økonomi og administrasjon. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget økonomi og administrasjon ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget økonomi og administrasjon basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.