Sal, service og reiseliv (SSR02‑01)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for vg2 før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • gjere greie for ulike merkevarer og utforske ulike marknadsstrategiar som bedrifter kan bruke
  • gjere greie for samanhengen mellom ekstern, intern og interaktiv marknadsføring
  • presentere eit produkt som representerer innovasjon og nyskaping, og gjere greie for kva rolle lønnsemd, klima og etiske forhold har spelt i utviklinga
  • planleggje, gjennomføre og evaluere eit arrangement med tanke på lønnsemd, berekraft og sikkerheit
  • utforske ulike reiselivsdestinasjonar og vurdere korleis reiselivsverksemd påverkar berekraftig utvikling
  • utvikle og gjennomføre ei marknadsundersøking og bruke resultata i vidare arbeid
  • planleggje og gjennomføre ein marknadsføringskampanje og presentere korleis forbrukaråtferda og medievanane til målgruppa er tekne omsyn til
  • vurdere tiltak i salskanalar som kan fremje sal, meirsal og gjensal, og ta omsyn til dette i utviklinga av det indre og ytre salsmiljøet
  • planleggje, gjennomføre og avslutte eit sal og vurdere salsprosessen med utgangspunkt i måloppnåing, kundeoppleving, og bruk av eigna salsteknikkar
  • utvikle og presentere eit heilskapleg reiselivsprodukt og forklare korleis ulike aktørar samarbeider med og påverkar kvarandre
  • skape opplevingar av og formidle forteljingar om norsk og samisk kultur, natur og geografi
  • utforske og vurdere kva vertskapsrolla har å seie for ulike reiselivsaktivitetar
  • reflektere over korleis kultur, verdiar og haldningar påverkar kommunikasjon mellom menneske, og ta omsyn til dette i yrkesutøvinga
  • gjere greie for servicerolla og utforske korleis utøvinga av servicerolla må tilpassast ulike mottakarar i ulike situasjonar, og korleis måten rolla blir utøvd på, kan påverke omdømmet til bedrifter

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering