Norsk (NOR01‑08)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for vg3 og påbygging før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter vg3 påbygging til generell studiekompetanse

  • lese norrøne tekstar i omsetjing og samanlikne dei med tekstar frå nyare tid
  • lese og tolke tekstar frå 1500 til 1850 i kulturhistorisk kontekst og drøfte korleis dei er relevante i dag
  • utforske og reflektere over korleis tekstar frå romantikken og nasjonalromantikken framstiller menneske, natur og samfunn, og samanlikne med tekstar frå nyare tid
  • reflektere over sakprosatekstar og gjere greie for den retoriske situasjonen dei er blitt til i
  • skrive fagartiklar som gjer greie for og drøftar tekstar i kontekst
  • bruke tilbakemeldingar og kunnskap om språk, tekst og sjanger til å utvikle eigne tekstar
  • bruke fagkunnskap og retoriske ferdigheiter i norskfaglege diskusjonar og presentasjonar
  • bruke fagspråk til å beskrive særtrekk ved norsk samanlikna med svensk, dansk og norrønt
  • gjere greie for den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i Noreg i dag
  • analysere og tolke romanar, noveller, drama, lyrikk og sakprosa på bokmål og nynorsk frå 1850 til i dag og reflektere over tekstane i lys av den kulturhistoriske konteksten og elevane si eiga samtid
  • utforske og reflektere over korleis tekstar frå den realistiske og den modernistiske tradisjonen framstiller menneske, natur og samfunn
  • skrive essay som utforskar og reflekterer over innhald i tekstar
  • skrive litterære tolkingar og samanlikningar
  • analysere uttrykksformer i samansette tekstar i ulike medium og vurdere samspelet mellom dei
  • bruke fagkunnskap og presist fagspråk i utforskande samtalar, diskusjonar og munnlege presentasjonar om norskfaglege emne
  • skrive retoriske analysar og tolkingar av sakprosatekstar
  • meistre språklege formkrav på hovudmål og sidemål og skrive tekstar med etterretteleg kjeldebruk og eit presist og nyansert språk
  • orientere seg i faglitteratur, vurdere kjelder kritisk og skrive fagartiklar som greier ut om og drøftar norskfaglege emne
  • gjere greie for endringar i talespråk i Noreg i dag og reflektere over samanhengar mellom språk, kultur og identitet

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering