Norsk (NOR01‑08)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for 1. trinn og 2. trinn før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 2. trinn

  • lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk
  • låne og lese bøker frå biblioteket
  • uttrykkje tekstopplevingar gjennom leik, song, teikning, skriving og andre kreative aktivitetar
  • samtale om og beskrive korleis ord vi bruker, kan påverke andre
  • leike med rim og rytme og lytte ut språklydar og stavingar i ord
  • trekkje bokstavlydar saman til ord under lesing og skriving
  • lese med samanheng og forståing på papir og digitalt og bruke enkle strategiar for leseforståing
  • lytte, ta ordet etter tur og grunngi eigne meiningar i samtalar
  • beskrive og fortelje munnleg og skriftleg
  • skrive tekstar for hand og med tastatur
  • bruke store og små bokstavar, punktum, spørsmålsteikn og utropsteikn i tekstar og samtale om eigne og andre sine tekstar
  • lage tekstar som kombinerer skrift med bilete
  • utforske og samtale om oppbygginga av og betydninga til ord og uttrykk
  • utforske eige talespråk og samtale om forskjellar og likskapar mellom talespråk og skriftspråk

Undervegsvurdering