Norsk (NOR01‑08)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for vg1 før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter vg1 studieførebuande utdanningsprogram

  • lese, analysere og tolke nyare skjønnlitteratur på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk
  • reflektere over korleis tekstar framstiller møte mellom ulike kulturar
  • gjere greie for og reflektere over bruken av retoriske appellformer og språklege verkemiddel i sakprosatekstar
  • lytte til andre, byggje opp sakleg argumentasjon og bruke retoriske appellformer i diskusjonar
  • bruke ulike kjelder på ein kritisk, sjølvstendig og etterretteleg måte
  • greie ut om og drøfte norskfaglege eller tverrfaglege tema munnleg
  • skrive fagartiklar som greier ut om og drøftar norskfaglege eller tverrfaglege emne
  • bruke fagspråk til å beskrive setningsoppbygginga og samanhengen mellom setningar i arbeid med tekstar
  • kombinere verkemiddel og uttrykksformer kreativt i eiga tekstskaping
  • vurdere og arbeide vidare med eigne tekstar ut frå tilbakemeldingar og faglege kriterium
  • skrive tekstar med god struktur og tekstbinding og meistre teiknsetjing og rettskriving på hovudmål og sidemål
  • samanlikne særtrekk ved norsk med andre språk og vise korleis språklege møte kan skape språkendringar
  • gjere greie for utbreiinga av dei samiske språka i Noreg, fornorskingspolitikken og dei språklege rettane samar har som urfolk

Undervegsvurdering