Norsk (NOR01‑08)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for 3. trinn og 4. trinn før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 4. trinn

  • lese og lytte til forteljingar, eventyr, songtekstar, faktabøker og andre tekstar på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og samtale om kva tekstane betyr for eleven
  • velje bøker frå bibliotek ut frå eigne interesser og leseferdigheiter
  • lese tekstar med flyt og forståing og bruke lesestrategiar målretta for å lære
  • utforske og formidle tekstar gjennom samtale, skriving, leik, bevegelse og andre kreative uttrykk
  • samtale om forskjellen mellom meiningar og fakta i tekstar
  • halde munnlege presentasjonar med og utan digitale ressursar
  • kombinere ulike uttrykksformer i samansette tekstar
  • følgje opp innspel frå andre i faglege samtalar og stille oppklarande og utdjupande spørsmål
  • beskrive, fortelje og argumentere munnleg og skriftleg og bruke språket på kreative måtar
  • skrive tekstar med funksjonell handskrift og med tastatur
  • bruke komma og andre skiljeteikn i tekstar
  • bruke fagspråk om setningsoppbygging og bøying av verb, substantiv og adjektiv i samtalar om språk og om eigne og andre sine tekstar
  • reflektere over korleis språkbruken vår påverkar andre, og korleis vi tilpassar og endrar språket i ulike situasjonar
  • samanlikne ord og uttrykk i norsk og andre språk
  • utforske og samtale om språkleg variasjon og mangfald i nærmiljøet
  • utforske forskjellar og likskapar mellom skriving på hovudmål og sidemål

Undervegsvurdering