Treningsleiing (IDR04‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I treningsleiing handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om at elevane skal få kompetanse i å leie treningsgrupper og gi dei kunnskap om idrett, folkehelse og livsmeistring. Det skal bidra til at elevane utviklar eit positivt sjølvbilete og ein trygg identitet, og til at dei lærer å gjere trygge handlingsval. Slik skal dei bli i stand til å handtere ulike utfordringar dei møter, på ein best mogleg måte for seg sjølv og andre.
Demokrati og medborgarskap
I treningsleiing handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å øve opp evna til å tenkje kritisk over demokratisk og inkluderande leiing av aktivitet og trening. Faget skal gi elevane ei forståing av samfunnsansvaret som ligg i rolla som leiar og instruktør for individ og grupper. Gjennom arbeidet med faget skal elevane få innsikt i korleis dei kan handtere utfordringar og meiningsbrytingar i læringsfellesskap, og dei skal ta del i refleksjon om samhandling, likeverd og respekt, uavhengig av føresetnader.
