Treningsleiing (IDR04‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i treningsleiing inneber å formulere spørsmål, å delta i meiningsutvekslingar og diskusjonar og å kunne gi klare og tydelege tilbakemeldingar i samband med instruksjon og leiing. Det inneber òg å forklare, instruere, rettleie og oppmuntre i tillegg til å gjere munnlege førespurnader.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i treningsleiing inneber å utarbeide skriftlege planar til gjennomføring av aktivitetar, trening og arrangement. Det inneber òg å utforme skriftlege førespurnader, innbydingar og program.
Å kunne lese
Å kunne lese i treningsleiing inneber å finne, velje ut og forstå relevant faglitteratur. Utviklinga går frå å kunne tileigne seg overordna kunnskap om dei ulike elementa i treningsleiing til å kunne bruke denne kunnskapen til å løyse ulike utfordringar knytte til leiing.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i treningsleiing inneber å lage kampoppsett og resultatlister og å gjere poengberekningar og setje opp tabellar. Det vil òg seie å berekne inntekter og utgifter i eit arrangement.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i treningsleiing inneber å bruke digitale hjelpemiddel, program og applikasjonar til å tileigne seg kunnskap og utføre praktiske oppgåver. I arrangement vil det seie å bruke tidtakarsystem, resultatservice, videoopptak og digitale bilete.