Treningsleiing (IDR04‑03)
Kompetansemål og vurdering
Forklaring
Kompetansemål etter treningsleiing 1
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- og bruke grunnprinsippa for instruksjon og leiing
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
- og
Å gjere greie for noko er å gi ei fagleg grunngitt forklaring av eit saksforhold, ei problemstilling eller noko vi skal undersøke eller gjennomføre.
ulike undervisnings- og instruksjonsmetodarÅ bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- gjer greie for ulike leiar- og trenareigenskapar
- utarbeide ogformålstenlege planar for aktivitet og trening
Å gjennomføre er å setje i verk, utføre og fullføre, for eksempel ei oppgåve, ei undersøking eller eit planlagt arbeid.
- over eigen og andre sin praksis som trenar og leiar
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i treningsleiing 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget ved å planleggje og gjennomføre praktiske økter. Dei viser og utviklar kompetanse ved å utforske undervisningsprinsippa og dei ulike undervisningsmetodane. Dei viser og utviklar òg kompetanse i faget ved å observere og reflektere over praksisen til andre elevar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved å gi elevane høve til å bruke fagkunnskapen i praktiske situasjonar. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i treningsleiing, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring slik at elevane kan bruke rettleiinga for å forbetre kompetansen sin i utøvinga av trenar- og leiarrolla .
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter treningsleiing 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i treningsleiing 1 basert på kompetansen eleven har vist ved å bruke fagkunnskap, erfaringar og reflektert tenking i praktiske situasjonar.