Treningslære (IDR02‑03)
Kjerneelement
Trening og planlegging
Kjerneelementet trening og planlegging handlar om at elevane skal lære å planleggje ut frå treningstilstand, nivå og mål. Trening og planlegging gir elevane kunnskap om fysiske, koordinative, tekniske, taktiske, psykiske og sosiale eigenskapar. Kjerneelementet handlar vidare om treningsformer, treningsmetodar og øvingar. Trening og planlegging handlar òg om å systematisk strukturere treningsprosessen med tanke på prestasjonsutvikling ut frå treningstilstand, nivå og dei måla som blir sette. Elevane skal lage ulike typar treningsplanar på grunnlag av treningsprinsippa, og skal sjåast i samanheng med elevane sine eigenskapar i ulike idrettsaktivitetar.
Oppbygginga av og funksjonen til kroppen
Kjerneelementet oppbygginga av og funksjonen til kroppen handlar om at elevane skal bli i stand til å forstå kva som skjer ved ulike former for trening og aktivitet. Dette inneber at elevane skal opparbeide forståing av muskel-, nerve- og skjelettsystemet, sirkulasjons- og respirasjonssystemet og energifrigjeringa i kroppen. Kjerneelementet bidreg òg til at elevane kan velje effektive treningsformer, treningsmetodar og øvingar. Kjerneelementet inneber at elevane skal sjå det fysiske i samanheng med det psykiske for å oppnå ei meir heilskapleg forståing.
Trening, helse og livsstil
Kjerneelementet trening, helse og livsstil handlar om at elevane skal utvikle kunnskap om korleis trening og livsstil kan påverke helsa og prestasjonsutviklinga vår. Kunnskap om idrettspsykologi, mental trening og restitusjon gir elevane val og høve til å forstå sjølvbilete, identitet og kropp, og gir grunnlag for betra psykisk helse. Kunnskap om kosthald og væsketilførsel og om førebygging og behandling av idrettsskadar kan setje elevane i stand til å ta gode ernæringsmessige val og gi dei ei forståing av skadeførebyggjande trening. Kjerneelementet inneber at elevane skal kunne ta vare på sin eigen kropp gjennom heile livet.
Anvend treningslære
Kjerneelementet anvend treningslære handlar om å reflektere rundt teori og å forstå samanhengar mellom dei ulike delane i faget. Vidare handlar det om å planleggje og vurdere ulike former for trening som vil føre til ein praksis som er god for prestasjonsutvikling og for helsa. Gjennom å tileigne seg kunnskap om treningslære skal elevane kunne vurdere praktiske situasjonar innanfor trening og fysisk aktivitet. Kritisk refleksjon rundt informasjon, teori og praksis vil vere sentralt.