Treningslære (IDR02‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i treningslære inneber å presentere fakta og forklare årsakssamanhengar, å formulere spørsmål og å delta i meiningsutveksling, debattar og diskusjonar. Vidare inneber det å beskrive og forklare teknikkar, ferdigheiter, treningsformer, treningsmetodar og øvingar i idrettsaktivitet. Utviklinga av ferdigheita går frå å kunne beskrive og forklare ulike teknikkar, metodar og øvingar til å kunne vurdere og tolke ulike samanhengar mellom desse.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i treningslære inneber å utarbeide treningsplanar og vurdere eige treningsarbeid i samband med idrettsaktivitetar. Vidare inneber det å bruke kjelder kritisk i utforming av tekst. Utviklinga går frå å kunne lage enkle planar og svare på oppgåver til å kunne bruke kompetansen sin til å vurdere sitt eige og andre sitt treningsarbeid. Utviklinga av kritisk kjeldebruk og kritisk tenking er ein viktig del av dette.
Å kunne lese
Å kunne lese i treningslære inneber å forstå ulike former for faglitteratur, avistekstar, offentlege dokument, andre skriftlege kjelder og databasert informasjon som handlar om fagområde innanfor treningslære. Utviklinga går frå å kunne tileigne seg overordna kunnskap om dei ulike elementa i treningslæra til å kunne bruke denne kunnskapen til å løyse ulike utfordringar knytte til trening og helse.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i treningslære inneber å måle og berekne intensitet og å lage tabellar, diagram og grafiske framstillingar for å visualisere innhenta data frå trening, konkurransar og animasjonar. Det omfattar òg å tolke tabellar og figurar og bruke desse i presentasjonar. I rørslelære kan det innebere å berekne enkle mekaniske og organiske forhold. Utviklinga av å kunne rekne i treningslære går frå å lage tabellar, diagram og grafiske framstillingar til å tolke desse og reflektere over og vurdere ulike løysingar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i treningslære inneber å søkje etter, sortere, kategorisere og tolke informasjon om treningslære formålstenleg og kritisk. Å bruke digitale hjelpemiddel på formålstenlege måtar i arbeidet er sentralt. Det omfattar òg å forstå og vurdere informasjon innhenta gjennom digitale verktøy, medium og ressursar. Utviklinga av digitale ferdigheiter går frå å kunne innhente informasjon til å kunne analysere, vurdere og tolke.