Treningslære (IDR02‑03)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Treningslære 1: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Treningslære 2: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Det skal berre setjast standpunktvurdering for heile treningslære 1. Eleven skal ha halvårsvurdering med karakter på slutten av første opplæringsår i faget.
Eksamen for elevar
Treningslære 1: Eleven kan bli trekt ut til ein skriftleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.
Treningslære 2: Eleven kan bli trekt ut til ein skriftleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.
Eksamen for privatistar
Treningslære 1: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Treningslære 2: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.