Aktivitetslære (IDR01‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Aktivitetslære handlar om fysisk utfalding, allsidigheit og opplæring i ulike idrettar, leikar og aktivitetar og i friluftsliv. Aktivitet, samarbeid, fair play, innsats og opplevingar saman med andre er sentralt og bidreg til å gi faget eigenverdi. Faget gir elevane høve til å forstå, praktisere og utvikle motoriske og idrettslege ferdigheiter. Det skal gi kvar enkelt høve til glede, meistring og utfordringar individuelt og saman med andre. Elevane skal utvikle sin eigen identitet og evna til å vareta si eiga helse, og dei skal lære om korleis naturen kan brukast som aktivitets- og friluftslivsarena for dei sjølve og andre.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Aktivitetslære skal bidra til å motivere elevane og gjere dei i stand til å vareta ein fysisk aktiv og inkluderande livsstil der dei blir førebudde til å bidra aktivt i samfunnet og i arbeidslivet. Faget skal gi elevane mot og tryggleik til å ytre eigne meiningar og søkje løysingar i fellesskap.