Aktivitetslære (IDR01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter aktivitetslære 3
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- reflektere over og bruke forpliktande samarbeid og fair play
- utvikle og bruke ferdigheiter gjennom målretta trening i eit variert utval av idrettar
- vurdere utbyttet av turar og aktivitetar
- bruke motoriske ferdigheiter, kreativitet og allsidigheit i leik og aktivitetar
- utvikle basiseigenskapar gjennom systematisk trening
- gjennomføre treningsplanar og vurdere betydninga av systematisk trening
- planleggje, gjennomføre og vurdere turar med og utan overnatting i ulike naturmiljø og til ulike årstider, der eit berekraftig friluftsliv er sentralt
- reflektere over korleis eiga deltaking i friluftsliv har betydning for samarbeid og fellesskap
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i aktivitetslære 3. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei viser allsidigheit og utviklar ferdigheiter i ulike idrettar, leikar og aktivitetar og på turar. Dei viser og utviklar òg kompetanse ved å gjennomføre og vurdere systematisk trening som skal gi dei høve til å utvikle sentrale ferdigheiter og eigenskapar. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse ved å bidra aktivt, yte sitt beste og reflektere over sine eigne erfaringar i møte med friluftslivsturar, systematisk trening og ulike idrettar og aktivitetar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved å leggje opp til undervisning som gir kvar enkelt elev høve til å forbetre og utvikle ferdigheitene sine på bakgrunn av sitt eige utgangspunkt. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i aktivitetslære, og elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring slik at elevane kan bruke rettleiinga for å bli medvitne om ulike sider av planlegging, gjennomføring og vurdering av systematisk trening, ferdigheitsutvikling og friluftslivsturar
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter aktivitetslære 3. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i aktivitetslære 3 basert på kompetansen eleven har vist gjennom ferdigheiter og kunnskapar i idrettar, leik, aktivitetar, basistrening og friluftsliv. Til grunn for sluttvurderinga må det liggje eit breitt utval av aktivitetar og oppgåver der eleven må vise kompetanse i ulike samanhengar, åleine og saman med andre.