Blomsterdekoratørfaget - modulstrukturert opplæring for vaksne (BLD05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter blomsterdekorering og handverksferdigheiter
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- bruke formålstenlege handverksteknikkar og verktøy og grunngi eigne tekniske val knytte til kor haldbare materiala er og stil og uttrykk for produktet
- nytte teknikkar som bidreg til berekraftig ressursutnytting, og vurdere gjenbruk, avfallshandtering og miljøpåverknad av materiale
- nytte analysar, stilform, komposisjonsprinsipp, teknikkar og materiale for å skape eit heilskapleg uttrykk
- utforske og eksperimentere med ulike handverksteknikkar, verktøy og materiale og bruke denne kunnskapen som inspirasjon i eige arbeid
- velje, bruke og vedlikehalde verktøy i praktisk arbeid (Henta frå læreplan i vg2 blomsterdekoratør)
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen blomsterdekorering og handverksferdigheiter når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen blomsterdekorering og handverksferdigheiter. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i blomsterdekorering og handverksferdigheiter. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
