Blomsterdekoratørfaget - modulstrukturert opplæring for vaksne (BLD05‑01)
Vurderingsordning
Sluttvurdering
Før sveineprøva må alle ha bestått ein skriftleg eksamen som er laga ut frå læreplanen i vg3 blomsterdekoratørfaget (BLD03-03). Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.
Opplæringa i vg3 blomsterdekoratørfaget - modulstrukturert opplæring for vaksne skal avsluttast med ein fagprøve. Fagprøva blir laga ut frå læreplanen i vg3 blomsterdekoratørfaget (BLD03-03). Alle skal opp til fagprøven, som skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på tolv til fjorten vyrkedagar.