Blomsterdekoratørfaget - modulstrukturert opplæring for vaksne (BLD05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter materialkunnskap og yrkesidentitet
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- vurdere botanisk materiale i produksjon ut frå eigenskapane og kvaliteten på materialet og grunngi eigne val knytte til ordre og stil og uttrykk for produktet
- vurdere, bestille og bruke ulike botaniske materiale og støttemateriell i eige arbeid og gjere greie for konsekvensane av ulike val, med utgangspunkt i ein etisk og miljøvennleg produksjon i eit lokalt, nasjonalt og globalt perspektiv
- gjere greie for opphav, naturleg sesong og stell for eit breitt utval av botaniske materiale og bruke denne kunnskapen i kommunikasjon med kundar og i praktisk arbeid
- gjere greie for og nytte tiltak mot sjukdommar på stoveplanter
- gjere greie for korleis kulde, varme, støyt og feilvatning skader blomstrar og planter, og vurdere korleis dette kan førebyggjast
- norske og vitskaplege namn på botaniske materiale og bruke desse i kommunikasjon med kundar og leverandørar (Henta frå læreplan i vg2 blomsterdekoratør)
- undersøkje og vurdere livsløpet til ulike produkt i eit berekraftsperspektiv (Henta frå læreplan i naturfag)
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen materialkunnskap og yrkesidentitet når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen materialkunnskap og yrkesidentitet. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i materialkunnskap og yrkesidentitet. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.
