Læreplanen er utgått!

Etter 7. årssteget

Tal og algebra

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • beskrive plassverdisystemet for desimaltal, rekne med positive og negative heile tal, desimaltal, brøkar og prosent, og plassere dei på tallinja
  • finne samnemnar (bm.: fellesnevner) og utføre addisjon, subtraksjon og multiplikasjon av brøkar
  • utvikle og bruke metodar for hovudrekning, overslagsrekning og skriftleg rekning, og bruke lommereknar i berekningar
  • beskrive referansesystemet og notasjonen som blir nytta for formlar i eit rekneark, og bruke rekneark til å utføre og presentere enkle berekningar
  • stille opp og forklare berekningar og framgangsmåtar, og argumentere for løysingsmetodar
  • utforske og beskrive strukturar og forandringar i enkle geometriske mønster og talmønster

Geometri

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • analysere eigenskapar ved to- og tredimensjonale figurar og beskrive fysiske gjenstandar innanfor teknologi og daglegliv ved hjelp av geometriske omgrep
  • byggje tredimensjonale modellar og teikne perspektiv med eitt forsvinningspunkt
  • beskrive og gjennomføre spegling, rotasjon og parallellforskyving
  • bruke koordinatar til å beskrive plassering og rørsle i eit koordinatsystem, på papiret og digitalt
  • bruke koordinatar til å berekne avstandar parallelt med aksane i eit koordinatsystem

Måling

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • velje høvelege målereiskapar og gjere praktiske målingar i samband med daglegliv og teknologi og vurdere resultata ut frå presisjon og måleusikkerheit
  • gjere overslag over og måle storleikar for lengd, areal, masse, volum, vinkel og tid, og bruke tidspunkt og tidsintervall i enkle berekningar
  • velje høvelege måleiningar og rekne om mellom ulike måleiningar
  • forklare oppbygginga av mål for areal og volum og berekne omkrins og areal, overflate og volum av enkle to- og tredimensjonale figurar
  • bruke målestokk til å berekne avstandar og lage enkle kart og arbeidsteikningar
  • bruke forhold i praktiske samanhengar, rekne med fart og rekne om mellom valutaer

Statistikk og sannsyn

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • planleggje og samle inn data i samband med observasjonar, spørjeundersøkingar og eksperiment
  • representere data i tabellar og diagram som er framstilte digitalt og manuelt, og lese, tolke og vurdere kor nyttige dei er
  • finne median, typetal og gjennomsnitt av enkle datasett og vurdere dei i høve til kvarandre
  • vurdere sjansar i daglegdagse samanhengar, spel og eksperiment og berekne sannsyn i enkle situasjonar

Side 7 Av 15

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!