Læreplanen er utgått!

Etter 2. årssteget

Tal

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • telje til 100, dele opp og byggje mengder opp til 10, setje saman og dele opp tiargrupper
  • bruke tallinja til berekningar og til å vise talstorleikar
  • gjere overslag over mengder, telje opp, samanlikne tal og uttrykkje talstorleikar på varierte måtar
  • utvikle og bruke varierte reknestrategiar for addisjon og subtraksjon av tosifra tal
  • doble og halvere
  • kjenne att, samtale om og vidareføre strukturar i enkle talmønster

Geometri

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • kjenne att og beskrive trekk ved enkle to- og tredimensjonale figurar i samband med hjørne, kantar og flater og sortere og setje namn på figurane etter desse trekka
  • kjenne att og bruke spegelsymmetri i praktiske situasjonar
  • lage og utforske enkle geometriske mønster og beskrive dei munnleg

Måling

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • samanlikne storleikar som gjeld lengd og areal, ved hjelp av høvelege måleiningar
  • nemne dagar, månader og enkle klokkeslett
  • kjenne att dei norske myntane og bruke dei i kjøp og sal

Statistikk

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • samle, sortere, notere og illustrere enkle data med teljestrekar, tabellar og søylediagram

Side 7 Av 15

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!