Læreplanen er utgått!

Etter 4. årssteget

Tal

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • beskrive plassverdisystemet for dei heile tala, bruke positive og negative heile tal, enkle brøkar og desimaltal i praktiske samanhengar, og uttrykkje talstorleikar på varierte måtar
  • gjere overslag over og finne tal ved hjelp av hovudrekning, teljemateriell og skriftlege notat, gjennomføre overslagsrekning med enkle tal og vurdere svar
  • utvikle og bruke ulike reknemetodar for addisjon og subtraksjon av fleirsifra tal både i hovudet og på papiret
  • bruke den vesle multiplikasjonstabellen og gjennomføre multiplikasjon og divisjon i praktiske situasjonar
  • velje rekneart og grunnegje valet, bruke tabellkunnskapar om rekneartane og utnytte enkle samanhengar mellom rekneartane
  • eksperimentere med, kjenne att, beskrive og vidareføre strukturar i enkle talmønster

Geometri

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • kjenne att og beskrive trekk ved sirklar, mangekantar, kuler, sylindrar og enkle polyeder
  • teikne og byggje geometriske figurar og modellar i praktiske samanhengar, medrekna teknologi og design
  • kjenne att og bruke spegelsymmetri og parallellforskyving i konkrete situasjonar
  • lage og utforske geometriske mønster og beskrive dei munnleg
  • plassere og beskrive posisjonar i rutenett, på kart og i koordinatsystem, både med og utan digitale verktøy

Måling

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere overslag over og måle lengd, areal, volum, masse, temperatur, tid og vinklar
  • bruke ikkje-standardiserte måleiningar og forklare føremålet med å standardisere måleiningar, og gjere om mellom vanlege måleiningar
  • samanlikne storleikar ved hjelp av høvelege målereiskapar og enkel berekning med og utan digitale hjelpemiddel
  • løyse praktiske oppgåver som gjeld kjøp og sal

Statistikk

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • samle, sortere, notere og illustrere data med teljestrekar, tabellar og søylediagram, og kommentere illustrasjonane

Side 6 Av 15

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!