Læreplanen er utgått!

Etter 1P - Vg1 studieførebuande utdanningsprogram

Tal og algebra

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • gjere overslag over svar, rekne praktiske oppgåver, med og utan tekniske hjelpemiddel, og vurdere kor rimelege resultata er
  • tolke, tilarbeide, vurdere og diskutere det matematiske innhaldet i skriftlege, munnlege og grafiske framstillingar
  • tolke og bruke formlar som gjeld daglegliv, yrkesliv og programområde
  • rekne med forhold, prosent, prosentpoeng og vekstfaktor
  • behandle proporsjonale og omvendt proporsjonale storleikar i praktiske samanhengar

Geometri

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • bruke formlikskap, målestokk og Pytagoras’ setning til berekningar og i praktisk arbeid
  • løyse praktiske problem som gjeld lengd, vinkel, areal og volum
  • rekne med ulike måleiningar, bruke ulike målereiskapar, og vurdere målenøyaktigheit
  • tolke og framstille arbeidsteikningar, kart, skisser og perspektivteikningar knytte til yrkesliv, kunst og arkitektur

Sannsyn

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • lage døme og simuleringar av tilfeldige hendingar og gjere greie for omgrepet sannsyn
  • berekne sannsyn ved å telje opp alle gunstige og alle moglege utfall frå tabellar og ved å systematisere oppteljingar og bruke addisjonssetninga og produktsetninga i praktiske samanhengar

Funksjonar

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • undersøkje funksjonar som beskriv praktiske situasjonar, ved å fastsetje skjeringspunkt, nullpunkt, ekstremalpunkt og stiging, og tolke den praktiske verdien av resultata
  • omsetje mellom ulike representasjonar av funksjonar
  • gjere greie for omgrepet lineær vekst, vise gangen i slik vekst og bruke dette i praktiske døme, også digitalt

Økonomi

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • rekne med prisindeks, kroneverdi, reallønn og nominell lønn
  • gjere lønnsberekningar, budsjettering og rekneskap ved hjelp av ulike verktøy
  • berekne skatt og avgifter
  • undersøkje og vurdere forbruk og ulike høve til lån og sparing ved hjelp av nettbaserte forbrukarkalkulatorar

Side 12 Av 15

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!