Læreplanen er utgått!

Etter 10. årssteget

Tal og algebra

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • samanlikne og rekne om heile tal, desimaltal, brøkar, prosent, promille og tal på standardform, og uttrykkje slike tal på varierte måtar
  • rekne med brøk, utføre divisjon av brøkar og forenkle brøkuttrykk
  • bruke faktorar, potensar, kvadratrøter og primtal i berekningar
  • utvikle, bruke og gjere greie for metodar i hovudrekning, overslagsrekning og skriftleg rekning med dei fire rekneartane
  • behandle og faktorisere enkle algebrauttrykk, og rekne med formlar, parentesar og brøkuttrykk med eitt ledd i nemnaren
  • løyse likningar og ulikskapar av første grad og enkle likningssystem med to ukjende
  • setje opp enkle budsjett og gjere berekningar omkring privatøkonomi
  • bruke, med og utan digitale hjelpemiddel, tal og variablar i utforsking, eksperimentering, praktisk og teoretisk problemløysing og i prosjekt med teknologi og design

Geometri

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • analysere, også digitalt, eigenskapar ved to- og tredimensjonale figurar og bruke dei i samband med konstruksjonar og berekningar
  • utføre og grunngje geometriske konstruksjonar og avbildingar med passar og linjal og andre hjelpemiddel
  • bruke formlikskap og Pytagoras’ setning i berekning av ukjende storleikar
  • tolke og lage arbeidsteikningar og perspektivteikningar med fleire forsvinningspunkt ved å bruke ulike hjelpemiddel
  • bruke koordinatar til å avbilde figurar og finne eigenskapar ved geometriske former
  • utforske, eksperimentere med og formulere logiske resonnement ved hjelp av geometriske idear og gjere greie for geometriske forhold som har særleg mykje å seie i teknologi, kunst og arkitektur

Måling

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • gjere overslag over og berekne lengd, omkrins, vinkel, areal, overflate, volum og tid, og bruke og endre målestokk
  • velje høvelege måleiningar, forklare samanhengar og rekne om mellom ulike måleiningar, bruke og vurdere måleinstrument og målemetodar i praktisk måling og drøfte presisjon og måleusikkerheit
  • gjere greie for talet π og bruke det i berekningar av omkrins, areal og volum

Statistikk, sannsyn og kombinatorikk

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • gjennomføre undersøkingar og bruke databasar til å søkje etter og analysere statistiske data og vise kjeldekritikk
  • ordne og gruppere data, finne og drøfte median, typetal, gjennomsnitt og variasjonsbreidd, og presentere data med og utan digitale verktøy
  • finne sannsyn gjennom eksperimentering, simulering og berekning i daglegdagse samanhengar og spel
  • beskrive utfallsrom og uttrykkje sannsyn som brøk, prosent og desimaltal
  • vise med døme og finne dei moglege løysingane på enkle kombinatoriske problem

Funksjonar

Mål for opplæringen er at eleven skal kunne
  • lage, på papiret og digitalt, funksjonar som beskriv numeriske samanhengar og praktiske situasjonar, tolke dei og omsetje mellom ulike representasjonar av funksjonar, som grafar, tabellar, formlar og tekst
  • identifisere og utnytte eigenskapane til proporsjonale, omvendt proporsjonale, lineære og enkle kvadratiske funksjonar, og gje døme på praktiske situasjonar som kan beskrivast med desse funksjonane

Side 8 Av 15

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!