Ved sentralt gitt skriftleg eksamen skal kvart prøvesvar sensurerast av to sensorar. Statsforvaltaren har ansvaret for å utnemne sensorar.
PAS - eksamen
Retningslinjer og sensorrettleiing
Retningslinjer for sentral sensur ved sentralt gitt skriftleg eksamen i grunnskolen, grunnskoleopplæring for vaksne og vidaregåande opplæring.
Ved sentralt gitt skriftleg eksamen skal kvart prøvesvar sensurerast av to sensorar (jf. opplæringsforskrifta §§9-33 og 15-22). Statsforvaltaren har ansvaret for å oppnemne sensorar.
Sensorane skal vurdere prøvesvara i samsvar med reglane i forskrifta til opplæringslova.
Viktige dokument ved sensureringa
Vi publiserer vurderingsskjema fortløpande.
- Eksamensrettleiing
For nokon fag kan det være lurt å også sjå på:
- sensorrettleiing
- vurderingsskjema
- førehandssensur
Det er rektor som skal annullere eksamen til ein elev dersom det i samband med gjennomføringa blir oppdaga juks eller forsøk på juks jf. opplæringsforskriften §§ 9-42 og 15-25. Dersom sensor har mistanke om at eleven har fuska til eksamen, skal sensor gje melding til rektor via PAS. Sensor skal setje karakter på prøvesvaret ut frå reglane for vurdering i forskrifta til opplæringslova.
Praktiske opplysningar
Ved å logge seg på https://eksamen.udir.no får sensor oversikt over:
- kandidatar som skal vurderast
- namn og adresse på medsensor
Sensor loggar seg på ved hjelp av ID-Porten eller Feide.
Sending av prøvesvar
Prøvesvara skal sendast elektronisk, førast med penn på papir eller vere utskrifter. Dersom eit prøvesvar er levert som kladd, og det ligg ved særskild melding om spesielle tilhøve som ligg til grunn for dette, skal ein sjå på kladden som ein fullgod del av svaret. Sensor skal ikkje notere på sjølve prøvesvaret.
Viss kandidaten har levert eit prøvesvar utan innhald, skal kandidaten få karakter 1. Eit prøvesvar skal berre registrerast som "manglande" viss sjølve prøvesvaret ikkje er levert. Viss det er grunn til å tro at noko er gale med prøvesvaret, til dømes fordi ei fil ikkje er mogleg å opna, bør sensor kontakta Statsforvaltaren eller fylkeskommunen som har gitt dei oppdraget, for hjelp.
1. IKT-basert sensur
Sensorar finn prøvesvara ved å logge seg inn på https://eksamen.udir.no. Sensorane får tilgang til elevsvara samstundes.
2. Papirbasert sensur
Sendingane med prøvesvar frå skolane skal innehalde:
- eit eksemplar av oppgåvesettet i faget
- prøvesvar med ev. vedlegg
Prøvesvara blir sende med post til sensor straks etter at eksamen er halden. Sensor får då om lag halvparten av prøvesvara. Sensor byttar med medsensor innan halvgått tid. Prøvesvar skal sendast som registrert post (ekspress over natta).
Prøvesvara skal returnerast til skolen eller eksamensinstitusjonen der kandidaten har teke eksamen.
Fellessensurmøtet
Sensor får informasjon om tid og stad for fellessensurmøtet frå statsforvaltaren.
Før sensorpara tek til med samordning av vurderinga, er det ei felles samling der sensorane drøfter oppgåvesettet, korleis det har fungert, retningslinjer for karakterfastsetjinga og andre tilhøve. Oppmannen for grunnskulane og formøteleiar for dei vidaregåande skulene leier drøftingane.
Når sensuren er ferdig, fører sensorane endeleg karakter på https://eksamen.udir.no. Dersom det i ettertid blir oppdaga at ein karakter er registrert feil, må statsforvaltaren som har ansvaret for sensuren kontaktast.
Usemje om karaktersetjing
Karakterar som sensorane ikkje blir samde om, eller er i tvil om, blir fastsette av oppmannen. Spesielle tilhøve rundt kandidatsvaret tek sensorane opp med oppmannen. Når oppmannen har teke avgjerda, registrerer sensorparet den endelege karakteren på https://eksamen.udir.no.
Telefonsensur for fag/grupper med få prøvesvar
Denne forma for sensur må avtalast med i forkant av fellessensurmøte. Om sensorane ikkje møter å fellessensurmøtes skal karakterane fastsettas i eit telefonmøte mellom 1. sensor og 2. sensor. Dei endelege karakterane blir førte for endeleg karakter på https://eksamen.udir.no.
Dersom sensorane ikkje blir samde, skal dei ta kontakt med statsforvaltaren som har oppnemnt dei.
Eksamensrettleiingar, sensorrettleiingar, vurderingsskjema og førehandssensur
Sensorhonorar ved sentralt gitt skriftlig eksamen
Satsen for sensurarbeidet er den same som for oppgåveutvikling til eksamen og prøvenemndsarbeid. Se oversikt over satser.
Grunnskole
Sensur ved sentralt gitt skriftleg eksamen i grunnskolen, varighet 5 timer
- Forarbeid: 3,5 timar
- Sensur: 20 minutt per besvarelse
- Etterarbeid: 6 timar
- I NOR0064 Norsk teknspråk 10. årstrinn blir det berekna 40 minutter til sensur per besvarelse.
Klagebehandling
Det blir berekna 20 minutt per elevbesvarelse. Klagesensor får betalt for for- og etterarbeid i tillegg til sensur frå og med 1. mai 2016. Dette blir gjort automatisk i eksamenstjenesten.
Berekning av minimumshonorar
Ved færre enn fem besvarelser får sensor utbetalt minimumshonorar tilsvarende fem besvarelser, både ved sensur og klagebehandling.
Tillegg for verv som oppmann ved fellessensur i grunnskolen
Oppmann blir honorert for 8 timar. Dette inkluderer vurdering av svar der sensorane er usamde. Honoraret til oppmannen for arbeid med førehandssensur og rapportskriving blir utbetalt direktefra Utdanningsdirektoratet og kjem i tillegg til dette.
Videregåande
Sensur ved sentralt gitt skriftleg eksamen i videregåande opplæring, varighet 5 timar
- Forarbeid: 1 time per fagkode.
- Sensur: 26 minutt per besvarelse
- Etterarbeid: 6 timar totalt
I disse fagkodene beregnes 40 minutt til sensur per besvarelse:
- FSP6229 Teknspråk I
- FSP6232 Teknspråk II
- FSP6236 Teknspråk III
- PSP5832 Teknspråk nivå I
- PSP5834 Teknspråk nivå II
- PSP5836 Teknspråk nivå III
- NOR1066 Norsk teknspråk, vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram
- NOR1072 Norsk teknspråk, vg3 studieforberedende utdanningsprogram, tekstskaping
- NOR1074 Norsk teknspråk, vg3 påbygging til generell studiekompetanse, tekstskaping
Klagebehandling
Klagesensor får betalt for for- og etterarbeid som ved sensur.
Berekning av minimumshonorar
Ved færre enn fem svar får sensor utbetalt minimumshonorar tilsvarande fem svar,både ved sensur og klagebehandling. Det blir ikkje berekna minimumshonorar for kvar ny fagkode.
I samband med innføring av Lov om fagskuleutdanning i 2003 er teknisk fagskule ikkje lenger definert som vidaregåande opplæring, men som fagskuleutdanning. Teknisk fagskule blir derfor ikkje behandla i dette rundskrivet.
Tillegg for verv som formøteleder ved fellessensur i videregående opplæring
Formøteleder honoreres for 4 timar, inkludert forberedelse til møtet.
Tillegg for verv som oppmann ved fellessensur i norsk i videregåande opplæring
Oppmann blir honorert for 8 timar. Dette inkluderer vurdering av svar der sensorane er usamde. Honoraret til oppmannen for arbeid med førehandssensur og rapportskriving blir utbetalt direkte frå Utdanningsdirektoratet og kjem i tillegg til dette.
Spørsmål om dette skal sendes til statsforvalteren.
Plagiatkontroll til eksamen
Mistenkjer du usjølvstendig bruk av kjelder i ein eksamensbesvarelse, kan plagiatkontrollen avsløre kva del av teksten som er gjenkjend anten frå internett eller frå plagiatleverandørens database. Sammen med ditt faglege skjønn som sensor, kan rapporten i nokre tilfeller vere til hjelp i vurderinga av svaret. Rapporten indikerer i prosent kor stor andel av teksten som er gjenkjend, i tillegg til at du vil få sjå kjelden til den gjenkjende teksten.
Plagiat ikkje er det samme som fusk. Fusk er at eleven har kommunisert med andre under eksamen. Ein plagiatkontroll avslører kun graden av usjølvstende.
I dei fleste faga er det lov å bruke hjelpemidler som krev tilgang til internett, men i eit begrensa utvalg. Utvalet blir gjort på førhand, og skal være kjelder som det er relevant å bruke for å svare på eksamensoppgåven.
Det er kompetansen kandidaten viser i besvarelsen du skal vurdere i henhold til oppgåva og læreplanen.
Sensorskolering
Statsforvaltarane inviterer kvar vår alle sensorar til sensorskolering (nokre få fag har ikkje sensorskolering). Formålet med sensorskoleringane er at sensorane skal oppnå eit tolkningsfellesskap som kan vere med på å ivareta ei mest mogleg rettferdig vurdering. Med ‘tolkningsfellesskap’ brukt om sentralt gitt eksamen meiner vi ei felles forståing blant sensorane av kva som blir kravd av elevane til eksamen. Eksamenskarakteren skal ikkje vere avhengig av kva sensorar som har vurdert besvarelsen.
På sensorskoleringane bruker sensorane eit utval reelle eksamenssvar som utgangspunkt for å diskutere kva kompetanse eksamenssvara viser, og kva karakter det enkelte eksamenssvaret skal ha. Tolkningsfellesskapet frå sensorskoleringa legg føringar for karaktersetjing av alle eksamenssvara i faget.
Filmer om sensur
Her kan du sjå to filmer om sensur. Den ene handlar om skriftleg eksamen med sentral sensur, og den andre handlar om skriftleg eksamen med lokal sensur.
Skriftleg eksamen med lokal sensur
Vurdering av eksamen
Eksamenskarakteren skal vere uttrykk for den kompetansen kvar enkelt kandidat viser på eksamen.
Du kan lese meir om blant anna vurdering og vurderingskriteria for skriftleg eksamen