Rundskriv om skolefritidsordninga (SFO)

Endringar i rundskrivet

1. august 2026:

Elevar på 1. til 3. trinn har no ein lovfesta rett til 12 timar gratis skolefritidsordning (SFO) i veka. Rundskrivet er oppdatert i tråd med endringa.

Rett til skolefritidsordning

Regelverket

Skolefritidsordninga er regulert i opplæringslova § 4-5 og opplæringsforskrifta § 2-2 til og med § 2-5.

Det er òg vedteke forskrift om rammeplan for skolefritidsordningen. 

Opplæringslova – § 4-5 Skolefritidsordning
Opplæringsforskrifta – § 2-2 Gratis skolefritidsordning for elevar på 1. til 3. trinn
Opplæringsforskrifta – § 2-3 Gratis skolefritidsordning for elevar med særlege behov på 5. til 7. trinn
Opplæringsforskrifta – § 2-4 Redusert foreldrebetaling for skolefritidsordninga på grunn av låg inntekt
Opplæringsforskrifta – § 2-5 Behandling av søknader om redusert foreldrebetaling for skolefritidsordninga

Det står i opplæringslova § 4-5 andre ledd at elevar på 1. til 3. trinn har ein individuell rett til 12 timar gratis skolefritidsordning per veke. Det er kommunen som skal tilby skolefritidsordning. Kommunen har ikkje plikt til å gi tilbod ved meir enn éin av skolane i kommunen, så lenge dei sikrar at alle elevar på 1. til 3. trinn som ønskjer det, får 12 timar gratis SFO per veke.

Kommunen sitt tilbod om SFO skal gjelde for elevar på 1. til 4. trinn og for elevar med særskilde behov på 1. til 7. trinn. Det er likevel berre elevar på 1. til 3. trinn som har rett til gratis skolefritidsordning. Det inneber at kommunen ikkje treng å ha nok SFO-plassar til alle elevar på 4. trinn og alle elevar med særskilde behov på 4. til 7. trinn. 

Kommunen kan nytte andre til å oppfylle plikta til å gi tilbod om skolefritidsordning. Eleven sin rett og kommunen si plikt er også oppfylt sjølv om det berre er private skolefritidsordningar i kommunen.

Privatskolar kan drive skolefritidsordning som er knytt til skolen, men har inga plikt til det. Det følgjer av privatskolelova § 2-2. Opplæringslova § 4-5 med forskrifter gjeld ikkje slike skolefritidsordningar. Retten for elevar på 1. til 3. trinn gjeld også for elevar ved privatskolar, men det er kommunen som er ansvarleg for å oppfylle retten.

Alle kommunar skal ha forskrift om skolefritidsordninga

Forskrifta skal ha reglar om m.a. opptakskriterium, foreldrebetaling og dagleg opphaldstid og årleg opningstid. Dette følgjer av opplæringslova § 4-5. 

Les meir om lokale forskrifter og korleis dei skal utformast. Her finn du òg mal for korleis forskrifta kan utformast. I malen er det ei rettleiing om innhaldet i reglane og forslag til kva som skal regulerast i dei ulike paragrafane.

Innhaldet i skolefritidsordninga

Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar. Det skal takast utgangspunkt i alderen, funksjonsnivået og interessene til barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn.

Rammeplanen for skolefritidsordninga

Rammeplanen for skolefritidsordninga gjeld for arbeidet i skolefritidsordninga. Han har status som forskrift med heimel i opplæringslova § 4-5. Rammeplanen presiserer regelverket og kva som er verdigrunnlaget for skolefritidsordninga. I tillegg beskriv han innhald og arbeidsmåtar. I kapittel 3 i rammeplanen for SFO blir det beskrive kva som skal vere det nærmare innhaldet i skolefritidsordninga. 

Leksehjelp i skolefritidsordninga

I tillegg til det som står i rammeplanen for skolefritidsordninga, kan leksehjelp òg vere ein del av innhaldet i skolefritidsordninga. Kommunen skal ha tilbod om gratis leksehjelp til elevar i grunnskolen. Det samla talet på timar som skal fordelast på 1.–10. trinn, er åtte timar per veke. Dette står i opplæringslova § 4-4 og opplæringsforskrifta § 2-1. Kommunen avgjer korleis leksehjelpa bør organiserast innanfor rammene av opplæringslova. Ein del av den kommunale handlefridommen består i å avgjere kven som skal tilby leksehjelpa, kva elevar som skal få leksehjelp, og korleis ho skal organiserast.

Dersom leksehjelpa er ein del av skolefritidsordninga, må foreldrebetalinga reduserast for å tilfredsstille kravet til at tilbodet om leksehjelp skal vere gratis. Dersom kommunen i regi av skolefritidsordninga tilbyr fleire timar med leksehjelp enn det som følgjer av opplæringslova, kan kommunen ta betalt for desse timane av foreldra som ein del av foreldrebetalinga.

Leksehjelp i privateigd skolefritidsordning skal òg vere gratis. Her må kommunen betale ein eventuell eigendel. 

Barn sin rett til medverknad

I opplæringslova er det reglar som regulerer eleven sitt beste (sjå § 10-1) og eleven sin rett til medverknad (sjå § 10-2). Opplæringslova har òg reglar om skoledemokratiet. Der står det mellom anna at elevane skal få vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere skolen sitt arbeid med skolemiljøet.

Finansiering av skolefritidsordninga

Det står i opplæringslova § 4-5 at kommunen kan krevje at foreldra dekkjer kostnadene til skolefritidsordninga. Eigenbetalinga er avgrensa til å dekkje dei kommunale utgiftene.

Moderasjonsordningar i skolefritidsordninga

Det er i tillegg fastsett tre moderasjonsordningar for skolefritidsordninga: 

  • 12 timar gratis skolefritidsordning for elevar på 1.–3. trinn.
  • Ei inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i skolefritidsordninga for hushald med elevar på 1.–4. trinn. Ordninga sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein plass i skolefritidsordninga.
  • Gratis skolefritidsordning for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn.

Felles for alle moderasjonsordningane

Sjølv om det er tre ulike moderasjonsordningar som alle stiller opp ulike vilkår for å vere omfatta av ordninga, er det nokre ting som er felles for alle ordningane.

Når «skolefritidsordninga» blir omtalt i opplæringsforskrifta kapittel 2, skal omgrepet forståast som den skolefritidsordninga kommunen vel å nytte for å oppfylle pliktene sine etter opplæringslova § 4-5. Det vil seie at foreldre er omfatta av tilbodet også dersom kommunen vel å nytte seg av ein privat aktør for å oppfylle plikta til å ha eit tilbod om skolefritidsordning. Foreldre som har barn i skolefritidsordningar ved grunnskolar som er godkjende etter privatskolelova, er derimot ikkje omfatta av moderasjonsordningane. Sjå omtale av tilskotsordningane lenger ned i rundskrivet. Skolefritidsordningar ved private grunnskolar godkjende etter opplæringslova § 22-1 blir heller ikkje omfatta, jf. opplæringslova § 22-2. 

Betaling for kost kan haldast utanfor alle moderasjonsordningane. Det betyr at kommunen kan ta betalt av foreldra for kost, sjølv om foreldra har krav på gratis skolefritidsordning. Betaling for kost vil heller ikkje vere med i berekninga om redusert foreldrebetaling, og kan komme ved sida av.

Ordningane bør komme fram i den lokale forskrifta. 

Viss du får avslag på søknad om moderasjon, kan du klage på dette til kommunen. Dette står i forvaltningslova § 28 andre ledd.

Gratis skolefritidsordning for elevar på 1.–3. trinn

Alle elevar på 1.–3. trinn skal få 12 timar gratis skolefritidsordning per veke. Dette følgjer av opplæringslova § 4-5. Med «timar» i føresegna meiner ein klokketimar på 60 minutt.

Kven er omfatta av ordninga?

Alle elevar på 1.–3. trinn er omfatta av ordninga. Dette gjeld uavhengig av om elevane har heiltids- eller deltidsplass i skolefritidsordninga. Dersom eleven vel å berre nytte plassen 12 timar i veka, innanfor dei tidsrammene kommunen har vedteke, skal tilbodet vere gratis for eleven.

Dersom foreldra til eleven har fått innvilga søknad om redusert foreldrebetaling som følgje av låg inntekt etter opplæringsforskrifta § 2-4, skal kommunen trekkje frå dei 12 gratistimane frå foreldrebetalinga etter at kommunen har innvilga søknaden om redusert foreldrebetaling.

Korleis skal timane fordelast?

Korleis timane skal organiserast, følgjer av opplæringsforskrifta § 2-2.

Kommunen har stor fridom til å utforme ordninga i tråd med lokal praksis for skolefritidsordninga, men likevel slik at kommunen må tilby gratis skolefritidsordning alle dagar kommunen normalt har eit tilbod om skolefritidsordning, så langt det er praktisk mogleg. Atterhaldet skal ikkje tolkast strengt. Kva som er «praktisk mogleg», kan variere mellom kommunane, og det må gjerast ei konkret vurdering av kvart enkelt tilbod og om det er praktisk mogleg å tilby gratis skolefritidsordning kvar dag gjennom det tilbodet som finst i kommunen.

Tilfelle der til dømes elevane i praksis ikkje får nytta seg av gratistimar på visse dagar på grunn av tidspunkt for skoleskyss, kan vere eit forhold som fører til at det ikkje er praktisk mogleg. Det same gjeld dersom kostnadene for kommunane ville auka vesentleg av å tilby gratis skolefritidsordning alle dagar kommunen har eit tilbod ut over den kompensasjonen dei får til ordninga. Kommunen må òg kunne nytte atterhaldet dersom det viser seg at eit tilbod om gratis skolefritidsordning alle dagar kommunen normalt har eit slikt tilbod, fører til eit dårlegare tilbod for elevane og foreldra totalt sett.

At kommunen skal tilby foreldra at dei 12 timane blir fordelte alle dagar kommunen har eit tilbod om skolefritidsordning, er ikkje til hinder for at foreldra kan velje eit tilbod som inneber ei anna fordeling av timane, dersom kommunen har fleire alternative tilbod.

Det er ikkje mogleg å rekne om kravet om 12 timar per veke slik at gratistilbodet over eitt år til saman gir gjennomsnittleg 12 timar gratis skolefritidsordning per veke, fordi det må vere reelle timar kvar veke kommunen har eit tilbod.

Dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i skoleferiane, til dømes i vinterferiar eller sommarferiar, skal elevane få 12 timar gratis skolefritidsordning i desse periodane òg. Kravet om at kommunen må tilby gratis skolefritidsordning alle dagar kommunen normalt har eit tilbod om skolefritidsordning, gjeld likevel ikkje i feriar sjølv om det er praktisk mogleg. Dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i sommarferien, vil ein elev på 1. trinn reknast som førsteklassing fram til den datoen skolefritidsordninga tek imot nye førsteklassingar. Tilsvarande gjeld for elevar på 2. og 3. trinn. Dette er normalt i starten av august. Nøyaktig dato bør fastsetjast i lokal forskrift om skolefritidsordninga.

Redusert foreldrebetaling på grunn av låg inntekt

Redusert foreldrebetaling på grunn av låg inntekt er regulert i forskrifta § 2-4, som bestemmer kven som er omfatta av denne ordninga. Korleis kommunane skal behandle søknader om redusert foreldrebetaling, er regulert i § 2-5.

Kven kan få redusert foreldrebetaling?

Kommunen skal tilby reduksjon i foreldrebetalinga, slik at foreldrebetalinga per barn utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet. Denne ordninga gjeld for foreldre med barn på 1.–4. trinn.

Kva som utgjer eit hushald, er definert i § 2-4 andre ledd. Både ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar kan reknast som ein del av hushaldet. Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller som har felles barn saman. Viss søkjaren er i eit sambuarskap utan felles barn, må søkjaren opplyse kommunen om dette. Åleineforeldre utgjer eit hushald òg.

Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg, og barnet bur fast hos begge foreldra, er det hushaldsinntekta til den forelderen som har den same folkeregistrerte adressa som barnet, som skal leggjast til grunn når kommunen skal vurdere om det skal givast redusert foreldrebetaling. Dette følgjer av § 2-4 tredje ledd.

Det er ikkje ein føresetnad at barnet har heiltidsplass for at foreldra skal omfattast av ordninga. Det betyr at foreldrebetalinga for ein deltidsplass skal bereknast på same måte som for ein heiltidsplass, og at det skal givast moderasjon dersom foreldrebetalinga overstig seks prosent av den samla inntekta i hushaldet.

Kva er vilkåra for å få redusert foreldrebetaling?

For å kunne få redusert foreldrebetaling må eitt av dei to vilkåra i § 2-4 første ledd vere oppfylt. Anten må utgiftene til skolefritidsordning for eitt skoleår utgjere meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet i løpet av det siste året, eller så må det vere varig nedgang i inntektene til hushaldet i inneverande år som gjer at utgiftene til skolefritidsordning for eitt skoleår vil overstige seks prosent av inntektene til hushaldet.

Kva inngår i inntektene i hushaldet?

Med inntektene i hushaldet meiner ein her den samla brutto personinntekta i hushaldet etter skattelova kapittel 12 og skattepliktig kapitalinntekt. Dette er regulert i § 2-4 andre ledd. Skattepliktige kapitalinntekter er mellom anna renteinntekter, aksjeutbytte, gevinst ved sal av eigedom og lausøyre, leigeinntekter, bruksrettar i kapital og vederlagsfri bruk av andre sine eigedelar.

Kva vil det seie å ha varig nedgang i inntekt?

Det kan vere mange årsaker til at eit hushald har varig nedgang i inntekta si. Den varige nedgangen i inntekta kan til dømes komme av dødsfall, samlivsbrot, tap av arbeidsinntekt osb. Det er derfor søkjaren som må sende inn dokumentasjon til kommunen om årsaka til nedgangen i inntekta. Kommunen gjer ei konkret vurdering av om nedgangen er varig.

Når må det søkjast om redusert foreldrebetaling?

Det er kommunen som fastset søknadsfristar for plass i skolefritidsordninga og redusert foreldrebetaling i vedtektene for skolefritidsordninga.

I forskrifta §2-5 tredje ledd er det bestemt at dersom det er søkt om redusert foreldrebetaling før 1. august, vil kommunevedtaket om innvilging av moderasjon gjelde frå 1. august og ut skoleåret. Dette gjeld òg for søknader som blir sende 1. august. Det er derfor først for søknader sende 2. august og seinare at vedtaket ikkje vil få verknad frå før første heile månad etter søknadstidspunktet. Dersom årsaka til at det blir søkt etter 1. august, er at kommunen ikkje har informert om moderasjonsordningane, bør kommunane likevel la vedtaket ha verknadstidspunkt frå 1. august og ut skoleåret.

Korleis skal kommunen behandle søknadene?

Kommunen kan hente inn grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet frå skattestyresmaktene, for å dokumentere person- og kapitalinntekta i hushaldet for det siste året. Dette står i § 2-5 første ledd. Det betyr altså at kommunen kan hente inn denne informasjonen, i staden for at foreldra må levere dette sjølv.

Kommunen skal ikkje inkludere skattefrie overføringar, t.d. barnebidrag, kontantstønad, barnetrygd m.m., i «inntektene til hushaldet» etter § 2-4 første ledd.

Kommunen kan på eige initiativ hente inn slike inntektsopplysningar og gjere nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile perioden søknaden gjeld for. Foreldre som til dømes søkjer om redusert foreldrebetaling for eit barn på 1. trinn, treng derfor ikkje søkje på nytt neste år dersom barnet held fram i skolefritidsordninga på 2. trinn.

Det følgjer av § 2-5 andre ledd at dersom skattestyresmaktene ikkje kan utlevere siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet til kommunen, skal kommunen be søkjaren om å levere skattemeldinga for det siste året og eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt. Dette gjeld til dømes når skatteoppgjeret ikkje er ferdigstilt og det fører til at kommunen ikkje får gjort vedtak før 1. august.

Automatisert saksbehandling

Kommunen kan gjere vedtak om reduksjon av foreldrebetalinga ved automatisert saksbehandling. Det vil seie at sakene blir behandla automatisk etter gjeldande regelverk og dei personopplysningane som kommunen allereie har. Dette følgjer av § 2-5 siste ledd. Stort sett inneber behandling av søknader om redusert foreldrebetaling berre ei rein matematisk berekning der summen av skatte- og inntektsopplysningar er vurdert opp mot grensa for redusert foreldrebetaling. Ordninga kan likevel ikkje heilautomatiserast. Det er fordi det er eit krav om at sambuarar utan felles barn må informere om dette, ettersom det ikkje står i folkeregisteret.

Kommunen avgjer sjølv kva løysingar som blir brukte for innhenting av opplysningar frå skattestyresmaktene. KS har utarbeidd ein API (programmeringsgrensesnitt) for deling av skatteetaten sine opplysningar som kommunane kan kople seg til. Les meir om innhenting av skatte- og inntektsopplysningar frå skatteetaten på KS sine sider.

Gratis skolefritidsordning for barn på 5.–7. trinn med særskilde behov

Kommunane skal ha eit tilbod om skolefritidsordning for barn med særskilde behov på 1.–7. trinn. Tilbodet på 5.–7. trinn skal vere gratis. Dette følgjer av § 2-3.

Foreldra til barn med særskilde behov vil òg kunne vere omfatta av moderasjonsordninga om reduksjon i foreldrebetalinga ved låg inntekt på 1.–4. trinn. Sjå tidlegare avsnitt om dette. 

Det skal ikkje gjerast ei sjølvstendig vurdering av om det ligg føre eit særskilt behov etter forskriftsføresegna. Det står i merknaden til opplæringsforskrifta § 2-3.

Tilskot til moderasjonsordningar i skolefritidsordning ved private grunnskolar
Det er òg oppretta tilskotsordningar som gjer det mogleg for private grunnskolar å tilby 12 timar gratis skolefritidsordning på 1., 2. og 3. trinn, og redusert foreldrebetaling for foreldre med låg inntekt som har barn på 1.–4. trinn i skolefritidsordninga. Les meir om tilskotsordningane.

Reknedøme

Det er viktig å merke seg at berekninga for foreldrebetaling i SFO blir noko annleis enn for berekninga som blir gjord for barnehagar, sidan det ikkje er nokon makspris i SFO. Berekninga skal ta utgangspunkt i kommunale tal for foreldrebetaling, slik at inntektsgrensene kan variere frå kommune til kommune.
For å finne ut om hushaldet har krav på redusert foreldrebetaling, må kommunen samanlikne foreldrebetalinga for eitt år med dei samla person- og kapitalinntektene i hushaldet. Det betyr at viss kommunen krev 30 000 kroner i foreldrebetaling for eitt år, vil regelen slå inn for hushald som har under kroner 500 000 (30 000*100/6) i samla person- og kapitalinntekter i året.

Eit hushald som har ei samla inntekt på 700 000 kroner i året, vil ikkje ha krav på å få redusert foreldrebetaling. For at denne familien skal ha krav på det, må foreldrebetalinga overstige 42 000 kroner i året (700 000*0,06).

Har hushaldet ei samla inntekt på 450 000 kroner i året, vil regelen gjere seg gjeldande. Her vil foreldrebetalinga per barn i SFO senkast frå 30 000 kroner til 27 000 kroner (450 000*0,06). Per månad vil foreldrebetalinga senkast frå 2 727 kroner (30 000/11) til 2 454 kroner (27 000/11).

Krav til miljøet

Opplæringslova kapittel 12 handlar om elevane sin rett til eit trygt og godt skolemiljø. I § 12-1 står det at føresegnene i dette kapittelet gjeld for skolefritidsordninga òg. Det betyr at alle barn i skolefritidsordninga òg har rett til eit trygt og godt psykososialt og fysisk miljø.

Les meir om retten til eit trygt og godt miljø i skolefritidsordninga. 

Les meir om kapittel 12 og retten til eit trygt og godt skolemiljø i Rundskriv om skolemiljø.

Psykososialt miljø

Psykososialt miljø handlar om sider ved miljøet som har særskild betydning for den kjenslemessige, sosiale og kognitive læringa og utviklinga til barna. Leik, vennskap, omsorg og det å høyre til er døme på kriterium for eit godt psykososialt miljø.

Fysisk miljø

I forskrift om helse og miljø i barnehagar, skolar og skolefritidsordningar § 4 er det fastsett nokre krav til det fysiske miljøet. Det fysiske miljøet skal mellom anna vere forsvarleg og fremje helse, trivsel, leik og læring for elevane. Behova til barn med funksjonsnedsetjing skal òg varetakast. For at alle barn skal vere inkluderte i skolefritidsordninga, må alle ha lik tilgang til bygningar og uteområde. Korleis leike- og opphaldsareal blir utforma, skal stå i lokal forskrift om skolefritidsordninga.

Rettleiinga Helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger gir rettleiing til alle føresegnene i forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger.

Tilsette

Personalet i skolefritidsordninga er ofte delt mellom skole og skolefritidsordninga, men i motsetning til personalet i skolen er det ingen reglar om bemanning og kompetanse i skolefritidsordninga.

Leiar for skolefritidsordninga

Rektor er leiar for skolefritidsordningar som er organiserte i tilknyting til skolen. Det står i opplæringslova § 4-5. Dette gir eit viktig signal om at rektor har ei særleg rolle i å sikre at barna skal oppleve heilskap og samanheng i skolekvardagen og i skolefritidsordninga.1

Rektor har ansvaret for dei tilsette, som ofte har delte stillingar mellom skole og skolefritidsordninga. Tilgang til pedagogisk rettleiing frå rektor, kompetanseheving om forhold som gjeld elevane, og å inkludere personalet i skolefritidsordninga i arbeidet med skolemiljø og skadeførebygging er viktige element her.2

Kravet om rektor som leiar gjeld ikkje når private skolefritidsordningar leiger lokale ved offentlege grunnskolar.

Kommunen kan gjere unntak frå kravet om at rektor skal vere leiar for skolefritidsordninga, til dømes viss ho blir driven privat. Det står i opplæringslova § 4-5. 

Personalet

Det finst ingen reglar om bemanning og kompetanse i skolefritidsordninga. Dette skal avgjerast kommunalt ut frå lokale forhold og behov. Behovet for bemanning er avhengig av kva slags aktivitetar som blir tilbodne, alderssamansetninga, kor mange barn som deltek, dagleg opphaldstid og talet på barn med særlege behov.3

Reglane om politiattest i opplæringslova § 17-11 gjeld òg for tilsette i skolefritidsordninga. Det betyr at alle som blir tilsette i skolefritidsordninga, må leggje fram politiattest.

Andre reglar og omsyn i skolefritidsordninga

Det er fleire reglar og omsyn i opplæringslova som gjeld for både skolen og skolefritidsordninga. Desse er

  • opplæringslova §§ 4-7 om overgangen frå barnehage til skolen
  • 13-3 om førebygging, 13-4 om fysiske inngrep for å hindre skade m.m.
  • § 27-2 om forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet
  • reglane om skolemiljø

Plikta til å sørgje for ulykkesforsikring i opplæringslova § 28-8 gjeld ikkje for skolefritidsordninga. 

Det er også andre tema i opplæringslova som er relevant å sei noko om i forbindelse med skolefritidsordninga. Desse er presentert nedanfor.

Elevar med særskilde behov

Kommunen pliktar å ha eit tilbod om skolefritidsordning til elevar med særskilt behov òg. For desse elevane skal det òg vere eit tilbod om gratis skolefritidsordning frå 5. til 7. trinn. 

Opplæringslova kapittel 11 regulerer elevar sin rett til tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging. Skolefritidsordning er ikkje ein del av grunnskoleopplæringa, derfor gjeld ikkje reglane i kapittel 11 når barna er på skolefritidsordninga. Skolefritidsordninga skal likevel innrettast slik at alle barn får gode utviklingsvilkår, uavhengig av føresetnad. Les meir om dette her: Å inkludere alle. 

PP-tenesta er ikkje sakkunnig instans for skolefritidsordninga. Foreldre kan ikkje krevje at PP-tenesta eller tilrådingar frå andre instansar blir vektlagde når kommunen skal vurdere behovet for tilsyn på skolefritidsordning.4 Når det er nødvendig for å sikre at eleven får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod, skal skolen, skolefritidsordninga og PP-tenesta likevel samarbeide med andre instansar, til dømes barneverntenesta eller ulike helsetenester. Dette står i opplæringslova § 24-1.

Legemiddelhandtering i skolefritidsordninga

Ansvaret for å sørgje for hjelp til legemiddelhandtering i barnehagar, skolar og skolefritidsordningar er i dag ikkje uttrykkjeleg regulert verken i helselovgivinga, barnehagelovgivinga eller opplæringslovgivinga.

Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet gjer i Rundskriv I-5/2008 Håndtering av legemidler i barnehage, skole og skolefritidsordning greie for korleis dagens regelverk skal forståast (dokumentet viser til opplæringslova av 1998, men innhaldet i rundskrivet gjeld òg for opplæringslova av 2024). 

I opplæringslova blir det stilt visse krav til innhaldet i skolefritidsordninga. Mellom anna står det i opplæringslova § 4-5 at i skolefritidsordninga skal barna få «omsorg og bli passa godt på». For at eit barn som har behov for hjelp til å ta legemiddel, skal kunne nytte seg av tilbodet, er det ein del av kommunen sitt overordna ansvar for skolefritidsordninga å sørgje for slik hjelp når barnet oppheld seg i skolefritidsordninga.

Eit tilsvarande ansvar kan ikkje leggjast til styret ved private skolar som har tilbod om skolefritidsordning. 

Skyss til og frå skolefritidsordninga

Utgangspunktet er at elevar ikkje har rett til skyss til og frå skolefritidsordninga. Elevar som på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom har rett til skyss til og frå opplæringsstaden etter opplæringslova § 4-1, har òg rett til skyss til og frå skolefritidsordninga. Retten til skyss gjeld uavhengig av avstanden mellom heimen og skolefritidsordninga. Dei som har rett til skyss til og frå skolefritidsordninga, har rett til reisefølgje og tilsyn i ventetida før og etter skolefritidsordninga, viss dei treng det. Det står i opplæringslova § 4-2. Retten til skyss, reisefølgje og tilsyn gjeld ikkje i skoleferiane.

Les meir i Rundskriv om skyss punkt 2.4 og punkt 5.

Enkeltvedtak knytte til skolefritidsordninga

Søknader om plass i skolefritidsordninga må behandlast etter vanlege forvaltningsrettslege reglar, som mellom anna vernar mot usakleg forskjellsbehandling. Tildeling av plass, avslag på søknad om plass og oppseiing av plass er enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Avhengig av korleis lokal forskrift for skolefritidsordninga er formulert, vil forvaltningslova § 35 om omgjering av vedtak utan klage òg kunne komme til bruk.

Les meir om forvaltningslova og reglar for enkeltvedtak.

Her finn du mal for generelt enkeltvedtak