Kjemi (KJE01‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I kjemi handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å forstå korleis og kvifor helsa vår blir påverka av både levevanane våre og stoff i miljøet rundt oss. Vidare handlar temaet om kva kjemien betyr for forsking og teknologiutvikling knytt til helserelaterte problemstillingar.
Demokrati og medborgarskap
I kjemi handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å bruke kompetanse i kjemi til kritisk å vurdere påstandar og resonnement i samfunnsdebatten. Det handlar òg om å kunne bruke kjemikompetanse i diskusjonar om korleis samfunnet kan finne løysingar på lokale og globale problem knytte til klimaendringar, vass- og matsikkerheit, helse og energi.
Berekraftig utvikling
I kjemi handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å forstå kjemiske prosessar som har betydning for miljøet og klimaet, og om kompetanse til å gjere berekraftige val. Berekraftig utvikling i kjemi handlar òg om å finne løysingar for å forvalte og gjenbruke naturressursane på jorda på ein berekraftig måte.
