Kjemi (KJE01‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Kjemi handlar om oppbygginga av, eigenskapar ved og reaksjonar knytte til ulike stoff og materiale. Faget skal gi elevane grunnlag for å kunne forstå den fysiske verda vår og innsikt i korleis kompetanse i kjemi bidreg til endringar i samfunnet. Kjemi skal gi innsikt i korleis naturvitskapleg kompetanse og utforskande arbeid kan bidra til å finne løysingar og førebu elevane på vidare studium og eit arbeids- og samfunnsliv.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Kjemi skal bidra til at elevane utviklar kreativitet og utfaldar utforskartrong gjennom eksperimentelt og utforskande arbeid. Vidare skal faget bidra til at elevane anerkjenner verdien av samarbeid og idéutveksling for å utvikle kompetanse og forståing. Faget skal òg bidra til at elevane utviklar ein vitskapleg og kritisk tenkjemåte og eit fagleg etisk medvit.
