Kunst og handverk (KHV01‑03)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for 8. trinn–10. trinn før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 10. trinn

  • utforske moglegheiter innanfor handverksteknikkar og eigna teknologi ved å arbeide vidare med og samanføye harde, plastiske og mjuke materiale
  • vurdere haldbarheita til materiale og moglegheiter for reparasjon og gjenbruk, og bruke ulike verktøy og materiale på ein formålstenleg og miljømedviten måte
  • utvikle løysingar gjennom ein stegvis designprosess og vurdere haldbarheit, funksjon og estetisk uttrykk
  • utforske korleis digitale verktøy og ny teknologi kan gi moglegheiter for kommunikasjonsformer og opplevingar i skapande prosessar og produkt
  • visualisere form ved hjelp av frihandsteikningar, arbeidsteikningar, modellar og digitale verktøy
  • analysere korleis identitet og stadtilhøyrsel blir kommunisert i arkitektur, klestradisjonar, kunst eller gjenstandar, og integrere kulturelle referansar i eige skapande arbeid
  • undersøkje korleis kunst, inkludert samisk kunst, kan bidra i samfunnskritikk, og skape kunstuttrykk som belyser utfordringar i eiga samtid
  • reflektere kritisk over visuelle verkemiddel og eksperimentere med ulike visuelle uttrykk i ein skapande prosess
  • lage skisser til fornying av lokale omgivnader og modellere arkitektoniske løysingar som tek vare på ulike behov og interesser
  • fordjupe seg i ei visuell uttrykksform og/eller ein handverksteknikk, utforske moglegheiter gjennom praktisk skapande arbeid og presentere val frå idé til ferdig resultat

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering