Kunst og handverk (KHV01‑03)
Kompetansemål og vurdering

Ikke gyldig før 1.8.2026

Dette settet med kompetansemål er ikkje gyldig for 1. trinn og 2. trinn før 1.8.2026. Fram til da er det forrige versjon av læreplanen som gjeld. Sjå meir informasjon under:

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 2. trinn

  • bruke handverksteknikkar og handverktøy i utforming av tre, leire og tekstil på ein miljømedviten og trygg måte
  • undersøkje eigenskapar ved materiale og dele sanseerfaringar
  • utforske ulike visuelle uttrykk og byggje vidare på ideane til andre i eige skapande arbeid
  • eksperimentere med form, farge, rytme og kontrast
  • studere form gjennom å teikne, male og fotografere
  • skape forteljingar ved hjelp av digitale verktøy etter inspirasjon frå lokale og nasjonale kunstverk
  • førestille seg og beskrive framtida gjennom teikning og modellar
  • planleggje og konstruere i naturmateriale etter inspirasjon frå samisk og lokal byggeskikk
  • vise fram og presentere objekt gjennom utstilling eller samling

Undervegsvurdering